Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Fasane i salsprosessen

For å bli gode seljarar må vi forstå korleis salsprosessen går føre seg, og yte vårt beste i alle fasane. Kva slags salsteknikkar bør du bruke i dei ulike fasane?

1. Planleggingsfasen

Ein vellykka salsprosess startar lenge før du møter kunden. I planleggingsfasen må det leggast ein plan for heile salsprosessen. Som seljar må du i denne fasen tileigne deg god produktkunnskap.

Kva som er viktig i planleggingsfasen, vil variere frå bransje til bransje, og etter kva slags produkt du sel. I butikkar handlar det ofte om salsmiljøet, i tillegg til produktkunnskap. Korleis bør det ytre og indre salsmiljøet blir utforma?

Er du ein , kan salsprosessen vere meir omfattande og krevje meir førebuingar. Om du til dømes skal selje eit IT-system til ei bedrift, må du gjere deg godt kjend med bedrifta for å forstå behovet deira.

Dersom du jobbar i ein sykkelbutikk som sel elsyklar, må du setje deg grundig inn i elsykkelmodellane i år, rekkevidde og batteritypar med meir. Du må òg sjekke at utstillingsmodellane er reine, oppladde og klare for prøvekøyring.

Produktkunnskap

Å ha produktkunnskap inneber meir enn berre å kunne oppgi prisen på eit produkt – det er kunnskap om alle eigenskapane til produktet, som til dømes ein elsykkel. Gode produktkunnskapar kan vere avgjerande for å kunne selje.

Som seljar må du vere førebudd på å møte kundar som kjenner godt til både våre eigne og konkurrentane sine produkt og prisar. Dei fleste som etterspør eit produkt, har orientert seg om både produktet og tilboda på internett før dei tek kontakt.

Vi kan skaffe oss produktkunnskapar gjennom kurs, eigne erfaringar, informasjon i katalogar og på internett, eller ved å snakke med erfarne kollegaer.

Døme: Produktkunnskap – elsykkel

Produktkunnskap for ein elsykkel
Produkt

Scott Sub Tour eRIDE 10 (eller tilsvarande modell)

Leverandør

Scott Sports (levert via norsk importør/sportsbutikk)

Bruksområde

Sykkelen er ideell til dagleg jobbpendling, bysykling, turar på grusveg og lengre helgeturar i variert terreng.

Produktfordelar og brukarfordelar

Bosch Performance Line-motor gir sterk og jamn draghjelp, sjølv i bratte motbakkar.
500 Wh integrert batteri gir god rekkevidde (ca. 60–100 km avhengig av hjelpenivå).
Hydrauliske skivebremser sikrar trygg og effektiv oppbremsing i alt slags ver.
Dempegaffel og breitt styre gir høg komfort og god kontroll på ujamt underlag.
Sykkelen er komplett utstyrt med integrerte lykter, bagasjebrett og skjermar.

Vedlikehald

Sykkelen blir jamleg vaska med mildt såpevatn (unngå høgtrykksspylar direkte på elektriske komponentar). Batteriet bør lagrast innandørs i romtemperatur om vinteren og bør vedlikehaldsladast viss sykkelen står stille over tid. Kjeda må smørjast jamleg, og bremsene må sjekkast for slitasje.

Vilkår og garanti

Det er 5 års reklamasjonsrett på ramme og motor/batteri etter forbrukarkjøpslova. Mange produsentar tilbyr utvida garanti på ramma ved registrering.

Negative sider

Sykkelen har høgare vekt enn ei vanleg trakkemaskin (ca. 25 kg), noko som gjer han tyngre å trille opp trapper eller løfte opp på eit sykkelstativ. Han har høgare innkjøpspris og behov for meir regelmessig service.

Konkurrerande produkt

Det finst tilsvarande hybridsyklar/pendlarsyklar frå merke som Trek, Specialized, Cannondale, Haibike eller Diamant.

2. Kontaktfasen

I kontaktfasen handlar god salsteknikk om å skape eit godt førsteinntrykk. Det er stor forskjell på korleis du etablerer kontakt på nett og i ein fysisk butikk.

I ein fysisk butikk er den personlege veremåten din avgjerande for førsteinntrykket. Du må ha eit ope kroppsspråk, eit smil, eit vennleg blikk og vere hjelpsam utan å verke påtrengande.

På nett blir førsteinntrykket skapt gjennom det digitale salsmiljøet. Her blir kontakten etablert ved at nettsida er oversiktleg, lastar raskt og tilbyr enkel hjelp via til dømes ein chatfunksjon eller pop-up.

Når ein kunde kjem inn i den fysiske butikken og studerer elsyklane, møter du blikket til vedkommande og smiler. Du kan til dømes nikke og seie: "Hei! Berre ta deg god tid til å kikke. Sei frå om du har spørsmål eller vil at eg skal hjelpe deg."

3. Behovsanalyse

I behovsanalysen handlar god salsteknikk om å stille eigna spørsmål. Du kan bruke opne, lukka eller nøytrale spørsmål. Målet ditt er å avdekke kva kunden faktisk ønsker og treng.

Ein av dei viktigaste eigenskapane dine som seljar er å lytte aktivt. Aktiv lytting sikrar at du forstår kunden. Du skal ikkje berre anta kva vedkommande er oppteken av. Ein grundig behovsanalyse gjer det mogleg for deg å tilby det rette produktet i neste del av prosessen.

Når kunden vender seg til deg, stiller du opne og nøytrale spørsmål: "Kva skal du hovudsakleg bruke sykkelen til?" og "Korleis er terrenget der du syklar?" Du får til dømes vite at kunden skal sykle opp bratte bakkar kvar dag, og at hen treng plass til ein barnetilhengar.

4. Argumentasjon og demonstrasjon

God salsteknikk i argumentasjons- og demonstrasjonsfasen handlar om å finne gode argument som er tilpasssa kunden sitt behov. Du må vise fram produkt som gir verdi til kunden. Fokuser på nyttefordelar for akkurat denne kunden i staden for å fortelje om alle dei tekniske spesifikasjonane til produktet.

Får du innvendingar undervegs, må du lytte og handtere dei på ein ærleg og profesjonell måte.

Du vil til dømes vise kunden ein modell med sterk krankmotor. Då forklarer du at motoren gjer det enkelt å komme seg opp dei bratte bakkane utan å bli sveitt, sjølv med tilhengar. Kunden lurer på om batteriet er stort nok. Då demonstrerer du kor enkelt batteriet blir teke ut for lading innandørs, og forklarer den faktiske rekkevidda.

Døme: Argumentasjonsteknikk for sal av elsykkel

For å skape verdi for kunden må du kople spesifikasjonane til elsykkelen til det dei faktisk betyr for brukaren i kvardagen. Argumenter for fordelane dei ulike eigenskapane til sykkelen har, og kva nytte desse kan gi akkurat din kunde. Nedanfor ser du eit døme på kva du kan seie til kunden:

Eigenskap (kva sykkelen har)

Denne elsykkelen har ein Bosch Performance Line-motor med 75 Nm dreiemoment og eit 625 Wh batteri.

Fordel (kva eigenskapen gjer)

Det betyr at motoren dreg ekstra sterkt i bratte motbakkar, og batteriet held til mange turar før du må lade.

Nytte (kva det betyr for kunden)

For deg betyr det at du kjem deg heilt opp bakken til jobben utan å bli sveitt – sjølv med tung sekk eller barnetilhengar, og du slepp å bekymre deg for å gå tom for straum på veg heim.

Innvendingshandtering

Når du sel elsyklar, vil kunden ofte ha tvil knytt til pris, vekt eller vedlikehald. Anerkjenn bekymringa til kunden utan å gå i forsvar eller bruke ordet "men", og bygg vidare på det kunden seier.

Tenk deg at kunden seier: "25 000 kroner var veldig mykje pengar for ein sykkel." Då kan du til dømes svare: "Ja, det er ei stor investering, og samtidig erstattar han ofte månadskortet på bussen eller bil nummer to. Om du reknar på kva du sparer på bompengar, drivstoff og parkering over to år, så har du truleg tent inn sykkelen."

Det som er viktig, er at du forstår bakgrunnen for innvendinga. Finn ut om det faktiske problemet er det kunden først nemner, eller om det ligg noko anna bak. Til dømes kan ein kunde som seier at sykkelen er for tung, eigentleg reagere på pris.

Ei innvending kan til dømes vere

  • eit signal om at kunden ikkje har forstått det du seier

  • eit forsøk på å forhandle om pris

  • eit ønske om å høyre fleire eller betre salsargument

  • eit behov for bekrefting på at kjøpet er fornuftig

5. Avslutning

Når kunden ser nytteverdien av det du vil selje, og har fått svar på spørsmåla sine, avsluttar du salet. Bruk passande avslutningsteknikkar for å få kunden til å ta ei kjøpsavgjerd, utan at du verkar masete eller "pushy".

I avslutningsfasen avklarer du òg praktiske detaljar om produkttype, betaling, levering og garantiar. Bruk gjerne frasar som:

  • "Då er vi einige om at …"

  • "Då seier vi at …"

  • "Då går vi for …"

  • "Treng du litt meir enn …?"

  • "Er det noko meir eg kan hjelpe deg med?"

Døme: Avslutningsteknikkar for sal av elsykkel

Direkte avslutning

"Sidan prøveturen gjekk så bra – og storleiken passar perfekt – skal vi gjere klar papira og trille han ut med ein gong?"

Gi alternativ

"Vil du ha sykkelen i mattsvart eller mørkegrå?"

"Ønsker du at vi monterer på det største batteriet på 625 Wh, eller held det med 500 Wh for bruken din?"

Oppsummer

"Du var ute etter ein elsykkel som tek dei brattaste bakkane opp til huset, har nok batteri til å pendle heile veka utan å lade, og som blir levert komplett med skjermar og lykter. Denne modellen oppfyller alt dette. Skal eg montere på ein godkjend lås og gjere han klar til deg no?"

6. Oppfølging

Salsprosessen er ikkje ferdig sjølv om du har gjennomført handelen. I oppfølgingsfasen sørger du for at kunden er nøgd over tid. Du følger opp leveransen og svarer på eventuelle spørsmål, noko som gir moglegheit for meirsal, gjensal og gode relasjonar.

I denne fasen må du òg evaluere salsprosessen din. Vurder kor godt du nådde måla dine, tenk over korleis kundeopplevinga var, og finn ut kva slags salsteknikkar du brukte som fungerte best.

Ei veke etter kjøpet av elsykkelen sender du ein kort e-post for å høyre om sykkelen fungerer bra, og kor nøgd kunden er med kjøpet. Etter eit år kan du sende ein ny e-post med tilbod om service på sykkelen.


Relatert innhald

Bruk av KI i salsprosessen

Vi skal her sjå på korleis KI allereie har påverka sals- og servicerolla, og korleis ho kan tenkast brukt i salsprosessen i framtida.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 23.10.2026