Nettbutikk som salskanal

Oppgåve 1. Utforsk nettbutikkar og salsmiljø
Vel to nettbutikkar i ein bransje du kjenner godt, til dømes innan sport, klede, elektronikk eller skjønnheit.
Del 1: Vurder det ytre salsmiljøet
Kva gjer desse nettbutikkane for å skaffe seg merksemd og tiltrekke seg besøkande? (Til dømes nærvær på TikTok/Instagram, Google-annonsar og nyheitsbrev)
Kva førsteinntrykk gir framsida/landingssida til butikkane? Kva er det som gjer at ein besøkande anten blir verande eller klikkar seg ut med ein gong?
Del 2: Vurder det indre salsmiljøet
Kor enkelt og intuitivt er det å navigere, søke og finne fram til produkt i dei to butikkane?
Korleis blir produkta presenterte? (Stikkord: kvalitet på bilete, produkttekstar og vurderingar frå andre kundar)
Kva betalings- og leveringsløysingar tilbyr dei, og korleis bidreg dette til ei trygg kjøpsoppleving?
Oppgåve 2. Salsprosess, meirsal og gjensal
Vel éin av nettbutikkane du analyserte i oppgåve 1, og ta utgangspunkt i denne når du svarer på spørsmåla nedanfor.
Del 1: Salsprosessen i nettbutikken
Korleis varetek nettsida dei ulike fasane i salsprosessen? (Kontaktfasen, behovsanalyse, argumentasjon og demonstrasjon og avslutning)
Kva for verktøy bruker nettbutikken for å ta over oppgåvene til ein fysisk seljar?(Til dømes storleiksguidar, chatbotar, filtrering basert på preferansar og kundemeldingar)
Del 2: Meirsal og gjensal
Kva for nokon konkrete grep gjer nettbutikken for å auke verdien på handlekorga di før du betaler? (Til dømes "Passar godt saman med ...", fri frakt-grense og pakketilbod)
Kva for metodar bruker bedrifta for å passe på at du vel dei igjen neste gong du skal handle? (Til dømes lojalitetsprogram, tilpassa e-postar og rabattkodar på neste kjøp)
Oppgåve 3. Forbetre nettbutikken
Tenk deg at du blir leigd inn som rådgivar for ein nettbutikk som slit med låge salstal. Nettbutikken har utfordringar med å nå ut til dei rette kundane. I tillegg er det mange av dei som besøker butikken, som forlèt han utan å handle.
Del 1: Tiltak i det ytre salsmiljøet
Foreslå tre konkrete tiltak for å trekke fleire av dei rette kundane til nettbutikken.
Del 2: Tiltak i det indre salsmiljøet
Foreslå tre konkrete endringar i sjølve nettbutikken som vil forbetre kundeopplevinga, bygge tryggleik og gjere det enklare å fullføre salet.
Del 3: Måling og evaluering
Korleis vil du vurdere om tiltaka dine har fungert? Set opp 3–4 konkrete måleparametrar (til dømes konverteringsrate, gjennomsnittleg handlekorgstorleik og talet på registrerte medlemmer i kundeklubben).