Lag eit salskurs for bedrifta di

Førebuing
Du kan førebu deg ved å lese deg opp eller repetere innhaldet i desse artiklane:
I tillegg kan du finne relevant informasjon om bransjen, verksemda, produkta og målgruppa til bedrifta du vel.
Oppgåve
Del 1: Fagleg notat og planlegging
Lag eit skriftleg notat der du planlegg innhaldet i salskurset ditt. Notatet skal dekke følgande:
Salsprosessen og salsteknikkar
kva dei tilsette må gjere i planleggingsfasen, og kva produktkunnskap dei treng
korleis dei skal opptre i kontaktfasen, og kva for salsteknikkar som eignar seg best for verksemda di
korleis dei skal kartlegge og analysere behovet til kunden (Kva slags spørjeteknikkar er eigna?)
korleis dei bør argumentere for og demonstrere produkta som best dekker behovet
kva som er gode salsteknikkar for å avslutte eit sal
korleis dei bør følge opp kunden i etterkant for å sikre ei god kundeoppleving og framtidig gjensal
Det indre og ytre salsmiljøet
korleis det ytre salsmiljøet (til dømes fasade, vindaugsutstilling eller digital synlegheit/landingssider) skal utnyttast for å tiltrekke kundar og skape eit godt førsteinntrykk
korleis det indre salsmiljøet (til dømes layout, belysning, vareplassering/planogram eller navigasjon i nettbutikk) skal legge til rette for god kundeflyt og trivsel
Tiltak for meirsal og bruk av salskanalar
korleis dei tilsette kan bruke både salsteknikkar og salsmiljøet (til dømes plassering av impulsvarer eller relaterte produkt) til å skape meirsal
korleis bedrifta kan utnytte salskanalane sine (til dømes butikk, nettbutikk, sosiale medium) for å fremme salet
Praktisk øving: Rollespel
Lag ein konkret case for eit rollespel som dei tilsette skal gjennomføre på kurset.
Beskriv rollene (til dømes seljar og kunden) og situasjonen (til dømes avdekking av behov, handtering av innvendingar eller gjennomføring av meirsal).
Forklar kva dei tilsette skal evaluere eller gi kvarandre tilbakemelding på etter øvinga.
Del 2: Kurspresentasjon
Lag sjølve presentasjonen som du skal bruke når du held kurset for dei tilsette.
Presentasjonen kan du lage i Microsoft PowerPoint eller eit anna verktøy du har tilgjengeleg.
Tips: Dersom du bruker PowerPoint, kan du gjerne spele inn lyd/forteljarstemme direkte på lysbileta dine for å vise korleis du vil gjennomføre kurset i praksis.
Du kan òg velje å lage kurset som ein instruksjonsvideo dersom du ønsker det.
Del 3: Gjennomføring i klassen
Du skal halde salskurset (eller utvalde delar av det) for ei gruppe medelevar.
Du leier klassen gjennom rollespeløvinga du har laga, og styrer evalueringa/tilbakemeldingane i etterkant.