Tre grunnleggjande språkfunksjonar - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tre grunnleggjande språkfunksjonar

Når vi bruker språket til å kommunisere med andre, gjer vi mykje meir enn å berre overføre informasjon. Kva andre funksjonar har språket?

Jonas: Søtt at du kallar det marihuana (ler).

Eva: Hva er det som er så søtt med det? Det er vel det det heter.

Jonas: Bare gamle folk som sier det ... Vi kaller det bare "grønt" eller noe ...

Eva: Det er jo det samme. Og det er ikke bra for deg!

Dialogen over er henta frå episode 7 av første sesong av NRK-serien SKAM.

Vi skal bruke dialogen som eit utgangspunkt for å bli kjend med tre språkfunksjonar. Det finst fleire kategoriar for språkfunksjonar enn dette, men desse tre gir eit grovt overblikk over dei mest grunnleggjande funksjonane:

Referensiell funksjon – vi snakkar om noko

Den første språkfunksjonen handlar om at vi bruker språket til å beskrive og omtale noko som finst i verda. Når vi undersøkjer kva nokon snakkar om, er det den referensielle funksjonen vi er opptekne av.

Faktainnhaldet i denne samtalen er Jonas' og Evas meiningar om det narkotiske stoffa marihuana.

Ekspressiv funksjon – vi uttrykkjer oss

Denne språkfunksjonen handlar om at vi uttrykkjer tankar, haldningar, identitet og kjensler. Dette kjem ofte til uttrykk i korleis vi snakkar om noko på.

Ved å bruke slangordet "grønt" uttrykkjer Jonas noko om haldningane sine til marihuana. Eva, på si side, bruker eit meir formelt og korrekt omgrep og uttrykkjer haldningane sine til marihuana på denne måten.

Mellommenneskeleg funksjon – vi skaper relasjonar

Den mellommenneskelege funksjonen av språket finn vi når vi ser på korleis relasjonen mellom samtalepartnarane kjem til uttrykk i språket, og kva dei prøver å oppnå med det dei seier til kvarandre. Det siste kan vi òg skilje ut som ein eigen språkfunksjon, den appellative. Her kan du sjå etter kven som er den tenkte mottakaren av ei ytring, og korleis ytringa er tilpassa mottakaren, og kva det seier om forholdet avsendaren har til denne.

I dømet vårt vil Jonas bagatellisere marihuanabruken sin, og han prøver å overtyde Eva om at haldningane hans er normale. Jonas bruker motsetningane "vi" og "gamle folk" for å få Eva til å forstå at ho som ung burde ha ei meir avslappa haldning til stoffet. Eva vil at Jonas skal sjå på det som eit seriøst problem, og gjer det ved å avvise måten han snakkar om det på: "Det er jo det same." Ho vil òg at han skal forstå at ho kritiserer han fordi ho bryr seg : "Det er ikkje bra for deg."

Eg, du og verda

Vi kan som ein hugseregel kople dei tre hovudfunksjonane til språket med stikkorda "eg", "du" og "verda". I illustrasjonen under ser du at den ekspressive funksjonen til språket er knytt til "eg", fordi dette handlar om å uttrykkje seg gjennom språket. Den informative funksjonen svarer til den referensielle og handlar om å beskrive verda med språket, derfor er han knytt til "verda". Den appellative funksjonen er, som vi veit, ein del av den mellommenneskelege funksjonen, og han handlar om forholdet til mottakaren, "du".

Tenk over/diskuter:

Kan du bruke dei tre språkfunksjonane til å analysere den siste meldingstråden mellom deg og nokon du kjenner godt?


Kjelder

Svennevig, J. & Hagemann, K. (2020, 25. august). Språkfunksjoner. I Store norske leksikon. https://snl.no/språkfunksjoner

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse (3. utg.). Cappelen Damm Akademisk.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2020