Kva er språkkompetanse? - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er språkkompetanse?

Kvar gong vi seier eller skriv noko, nyttar vi oss av ein kompleks språkkompetanse. Vi veit noko om kven vi ytrar oss til, kva vi skal seie, og kva ord ytringa må innehalde for at ho skal vere grammatisk riktig.

To typar kompetanse

Når vi uttrykker oss ved hjelp av språket, nyttar vi oss både av ein grammatisk og ein kommunikativ kompetanse. Den grammatiske kompetansen handlar om å kunne bruke reglane for språkbruk som gjeld i det aktuelle språket. Den kommunikative kompetansen handlar om å kunne bruke språket til å få fram meining i konkrete situasjonar.

Begge typar kompetanse er viktige når vi skal uttrykke oss gjennom språket, men tradisjonelt er det nok den grammatiske kompetansen som har fått mest merksemd. Det er viktig å hugse at språk og kultur heng nøye saman, og at dei fleste språklege ytringar oppstår og må tolkast i ein konkret kontekst.

Tenk over / diskuter

Eksisterer språket ein stad utanfor menneska som bruker det?

Grammatisk kompetanse

Den grammatiske kompetansen består av fire kompetansar (Svennevig, 2020):

  • fonologisk kompetanse: at vi veit kva slags lydar som er riktige å lage når vi uttaler ord
  • morfologisk kompetanse: at vi veit kva bøyingsformer av ord vi må bruke
  • syntaktisk kompetanse: at vi veit korleis vi skal setje saman ord til setningar
  • semantisk kompetanse: at vi veit betydinga av ord, frasar og setningar

Grammatisk kompetanse betyr då at når du skal seie noko, vel du ord frå ordforrådet ditt, vel bøyingsformer, set orda saman i riktig rekkefølge og uttaler dei på den måten du har lært.

Korleis får vi grammatisk kompetanse?

Den grammatiske kompetansen blir utvikla tidleg, og ein reknar med at barn i femårsalderen har utvikla syntaksen sin ferdig. Ein femåring som har norsk som førstespråk, vil ikkje seie: "Eg ikkje skal ha eit glas mjølk". Ein femåring med arabisk som førstespråk og norsk som andrespråk kan derimot komme til å seie noko slik, sidan syntaksen er annleis på førstespråket.

I filmen under får du fleire døme på grammatisk kompetanse:

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Tenk over / diskuter

Korleis har du lært grammatikken i førstespråket ditt?

Kan du forklare kvifor "eg ikkje skal ha eit glas vatn" er feil?

Kommunikativ kompetanse

Dei fleste av oss har vel opplevd å bli misforstått eller å ikkje forstå andre, sjølv om grammatikken i det som blir sagt, er riktig. Det held nemleg ikkje med grammatisk kompetanse, du må òg kunne tilpasse det du seier, til kven du seier det til, og til situasjonen. Det finst mange uskrivne reglar for kva som er riktige uttrykksmåtar i ulike situasjonar. Å lære slike uskrivne reglar er ein del av sosialiseringa inn i ein kultur.

Den kommunikative kompetansen din gjer at du veit kva ord du skal velje, og kva måte du skal uttrykke deg på i ein særskild situasjon overfor særskilde menneske.

Eit døme er korleis vi vel å snakke om døden i ulike situasjonar. Når er det riktig å bruke "omkomme", "gå bort", "sovne inn", "daue", "parkere tøflane", "krepere"? Kva som er det rette ordet å velje her, kjem an på situasjonen, kven du snakkar med, og kva du vil at dei skal tenke om deg.

Gjennom livet samlar du opp mykje kunnskap om kommunikasjon i ulike situasjonar, derfor kan vi seie at den kommunikative kompetansen din utviklar seg heile tida. Du får eit repertoar av kompetanse som gjer at du kan tilpasse språkbruken din til mange ulike føremål og situasjonar.

Tenk over / diskuter

Ville du sagt "dude" til ein lærar?

Er det nokre ord du berre bruker med venner, som du ikkje ville brukt når du snakkar med familien? Kvifor?


Kjelder

Dahl, Ø. (2001). Møter mellom mennesker: Interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

Svennevig, J. (2009). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm Akademisk.

Skrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021