Oppgåve
Film
Minoritetsspråk og språkleg mangfald i Noreg
Utforsk minoritetsspråka i Noreg, og presenter det du finn, for klassen.
Film: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0
Del 1: Sjå film
Sjå filmen om språkleg mangfald, og les om minoritetsspråk i artikkelen "Kva er språk?".
Del 2: Minoritetsspråk i Noreg
Noreg har definert desse språka som norske region- eller minoritetsspråk (Regjeringa, 2020):
nordsamisk
sørsamisk
lulesamisk
kvensk
romanes
romani
Vel eitt av språka frå lista og prøv å finne svar på desse spørsmåla i kjelder du finn på biblioteket og på nettet. Presenter det du har funne, for klassen.
- Kven snakkar dette språket?
- Kva er historia til språket i Noreg?
- Har språkbrukarane blitt utsette for fornorskingspolitikk? Les meir om fornorskingspolitikken i artikkelen "Fornorskningspolitikken overfor samane".
- Kva er språkleg mangfald, og kvifor er dette ein viktig verdi i norsk politikk i dag?
- Er språket trua i dag?
- Kva slags språk er det? Bruk kategoriar og omgrep frå artikkelen "Kva er språk?" til å beskrive språket som system.
- Kva slags moglegheiter har dei som snakkar språket til å bruke det i skulen i dag? Her kan du søke på sidene til Utdanningsdirektoratet, der står det ein del om rettar til morsmålsopplæring i norske skular.
- Kan du finne døme på språket i bruk?