Andrespråk og kommunikasjon - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Andrespråk og kommunikasjon

Å kunne eit språk handlar om mykje meir enn å kjenne betydinga av enkeltord. I tillegg kan førstespråket ditt påverke korleis du forstår og bruker det nye språket. Korleis påverkar dette kommunikasjonen?

Når kommunikasjon går føre seg på eit anna språk enn til minst ein av partane, påverkar det korleis meining blir tolka og blir skapt. Her skal vi sjå på ulike faktorar som kan påverke s-kommunikasjon.

Interferens

Det er vanleg at ord, grammatikk eller lydar frå morsmålet ditt påverkar korleis du uttrykkjer deg i andre språk. Dette kallar vi interferens, som kjem frå same ord som det engelske to interfere – som betyr "å blande seg inn i".

Eit døme er at ulike språk har ulike reglar for kvar subjekt (S), verbal (V) og objekt (O) skal stå i ei setning. På sørsamisk er den riktige rekkjefølgja SOV, mens på norsk er ho SVO. Dette er noko som ofte heng med når vi lærer oss nye språk med anna ordstilling.

Eit anna døme er at på nordsamisk kan du få fram tallause nyansar av eit ord ved å leggje på ulike endingar. Verbet njuikut betyr "å hoppe", mens njuikulit betyr "å gjere nokre raske hopp" og njuikkodastit betyr "å hoppe med små hopp ei bitte lita stund" (Duolljá & Gaski, 2020). Viss du er vand til å uttrykkje alle desse nyansane med berre eitt ord med morsmålet ditt, kan det påverke korleis du uttrykkjer deg på eit språk som norsk, der du berre kan bøye verbet "hoppe" i tid eller bruke det i imperativ.

Kva slags døme på interferens frå morsmålet italiensk ser du i dette klippet frå NRK?

Falske vener og direkte omsetjingar

Mange språk har ord som liknar på kvarandre fordi dei har anten lånt eller arva dei frå same språk. Problemet oppstår når ord som liknar kvarandre, har ulik meining. Slike ord kallar vi "falske vener". Eit døme på ein falsk ven er ordet simpelt, som på engelsk betyr "enkelt", mens det på norsk betyr "dårleg".

"Takk for sist!" Dette er ei vanleg helsing på norsk, men på engelsk fungerer det ikkje like godt: "Thank you for the last time!" Avsendaren av denne ytringa har brukt eit uttrykk frå det norske morsmålet sitt som mal når hen prøver å seie til nokon på engelsk at det var hyggjeleg førre gong dei møttest.

Dette er eit godt døme på at å snakke eit anna språk ikkje berre handlar om å omsetje enkeltord. Mange ord og uttrykk kan vi rett og slett ikkje omsetje direkte, og då må vi heller leite etter ord og uttrykk som gir tilnærma same meining i den språk-konteksten vi er i. "Nice to see you again!" er derfor ei betre omsetjing av "takk for sist".

På nettsida til organisasjonen In the same boat, som ryddar havet for plast, finn du mange døme på morosame formuleringar som har oppstått når frivillige har prøvd å kommunisere på engelsk med norske ord og uttrykk som mal:

In the same boat: "Norwenglish dictionary"

Kulturen blir reflektert i språket

Språket heng tett saman med kulturen der språket blir brukt, og reflekterer både verdiar, røyndomsoppfatningar og objekt og praksisar i kvardagen. Dei samiske språka har til dømes mange ord som beskriv naturen og terrenget, på grunn av ein kvardag tett på naturen med fangst og jakt.

Slektskapsomgrep

Eit anna døme på samanhengen mellom språk og kultur er ord som beskriv slektskap. I Somalia, til dømes, er familie og slektskap viktig. Her blir familie definert ganske breitt, slik at "onkel" og "tante" kan brukast om mange fleire enn berre dei som er søsken til foreldra dine.

Sjå dei norsk-somaliske deltakarane i NRK-programmet Ikke spør om det fortelje om korleis dei bruker slektskapsomgrepa:

NRK: Ikke spør om det: "Norsk-somaliar"

Høflegheit

Det er òg viktig å vere klar over høflegheitsfrasar når du skal lære eit anna språk, fordi dei heng tett saman med kulturelle kodar. I Noreg kan det vere vanleg å vere uformell og ganske direkte, mens i mange andre kulturelle fellesskapar er det viktig å bruke høflegheitsfrasar og eit meir formelt språk.

Ord og uttrykk

Mange ord og uttrykk må du ha ein del bakgrunnskunnskap om eit samfunn for å forstå, og dette bør du vere klar over når du kommuniserer med andre som ikkje har språket som morsmål.

"Å hoppe etter Wirkola" er eitt av døma som språkforskar Helene Uri kjem med i denne NRK-artikkelen:

NRK: " 'Å ha griseflaks' betydde noe helt annet for Ali"

Interkulturell kompetanse

Ein viktig del av å lære eit språk er altså å lære om kulturelle betydingar. Det er umogleg å lære seg alle kulturelle kodar på same måte som barn som byrjar sosialiseringa sin inn i eit samfunn i den augneblinken dei blir fødde. Det du derimot treng, er det vi kallar interkulturell kompetanse. Det vil seie at du er klar over at det kan vere kulturelle forskjellar som blir reflekterte i språket, og som gjer at ord og uttrykk kan ha ulik meining i ulike kulturelle kontekstar.

Ja eller nei?

Desse to små orda kan brukast på veldig mange måtar i ulike situasjonar.

I nokre språk blir ord som svarer til ja brukte til å stadfeste innhaldet i eit spørsmål, uansett om det er nektande eller bekreftande:

–Har du ikkje gjort oppgåva enno?

–Ja. (Men med betydinga: "Ja, det stemmer at eg ikkje har gjort det.")

Ein annan faktor er at det i enkelte kulturelle kontekstar blir sett på som uhøfleg å svare nei på direkte spørsmål, sjølv om det er det riktige svaret. Då kan det vere betre å stille eit spørsmål som ikkje krev eit direkte nei som svar.

Det finst ikkje noko fasit på når ja betyr "ja", men når du er klar over at dette kan variere, vil du òg vere meir open for å oppdage og oppklare misforståingar når dei oppstår.


Kjelder

Cultural Atlas. (u.å.) Somali culture: family. https://culturalatlas.sbs.com.au/somali-culture/somali-culture-family

Duolljá, S. K. & Gaski, H. (2020, 2. desember). Samisk. I Store norske leksikon. https://snl.no/samisk

Guessabi, F. (u.å.). Blurring the Line between Language and Culture. Language Magazine. https://www.languagemagazine.com/blurring-the-line-between-language-and-culture/

Interferens (språkvitskap). I Store norske leksikon. https://snl.no/interferens_-_språkvitenskap

Sørsamisk syntaks. (2015, 17. februar). I Wikipedia. Henta 19. februar 2021 frå https://no.wikipedia.org/wiki/sørsamisk_syntaks

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021