Oppgåve
Film
Samisk og norsk – felles språkhistorie?
Kvar kjem to av dei viktigaste språka som blir snakka i Noreg i dag, frå?
Del 1: Før de ser klippet
Kva veit de frå før om kvar dei samiske språka kjem frå?
Kva veit de frå før om kvar det norske språket kjem frå?
Sjå klippet om språkhistorie i NRK-programmet Vikingens vugge (fra 28:00 til 33:20):
Del 2: Etter at de har sett klippet
- I grupper: Lag ei visuell framstilling, til dømes ei tidslinje, av utviklinga og opphavet til samisk og norsk språk, slik det kjem fram i dette klippet.
- Del med dei andre gruppene.
Del 3: Diskuter
- Kva er forskjellar og likskapar i framstillingane, kva synest de var interessant eller overraskande?
- Korleis blir historia til samisk og norsk framstilte i lærebøker og på skulen elles?
- Kva slags verknad kan det ha på oss å lære om opphavet til norsk og samisk samtidig, ikkje skilt?