Snakkar du i spiral, sløyfe eller i rett linje? - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Snakkar du i spiral, sløyfe eller i rett linje?

Måten vi tenkjer på og måten vi uttrykkjer oss på, heng nøye saman. Sjølv om uttrykksformer kan vere individuelle, kan vi sjå at det er kulturelle variasjonar i korleis vi kommuniserer.

Lineær modell


I ein lineær modell er idealet å kommunisere "rett på sak", det vil seie direkte, klart og konsist. Nemninga "lineær" passar, fordi dette er ein uttrykksmåte vi kan visualisere med ei rett linje. Denne modellen er mykje brukt i Noreg. Vi har uttrykket å "kalle ein spade for ein spade", som viser at dette er ein måte å kommunisere på som blir verdsett.

På skulen oppmuntrar vi ofte til denne måten å uttrykkje oss på, til dømes i fagtekstar som skal ha ein logisk og ryddig struktur, og å halde seg til fakta, ikkje synsing.

Tenk over / diskuter

Kan du tenkje på fag eller oppgåver i skulen der ein lineær uttrykksmåte ikkje er den beste?

Sløyfemodell

Denne uttrykksmåten har fått namnet "sløyfemodell", fordi her bevegar den som snakkar seg i sløyfer som sveiper innom eit tema med mykje utanomsnakk. Dette utanomsnakket har ofte som funksjon å forsterke relasjonen mellom samtalepartnarane, og konteksten til samtalen får stor plass i ein slik samtale. Her er det rollene og relasjonen til partnarane som får ta stor plass, i motsetning til den lineære modellen som er sentrert rundt "harde fakta".

Tenk over / diskuter:

Kan du tenkje deg situasjonar der det er naturleg å snakke i sløyfer?

Parallellmodell

Uttrykksmåten i parallellmodellen er prega av gjentaking av ytringar som seier det same. I munnlege kulturar har det vore ei vanleg uttrykksform, fordi det er lettare å hugse med gjentakingane og frasar som er bygde opp på den same måten. Folkeeventyra er eit godt døme på tekstar som bruker ein slik parallellmodell. Eventyret om Oskeladden som ville målbinde prinsessa har mange slike frasar som blir gjentekne med små endringar: "Jeg fant, jeg fant" – og "jeg har slikt å gjøre, jeg har slikt å føre".

Spiralmodell

I spiralmodellen sirklar samtalepartnarane seg inn på eit tema ved å hinte til det og bruke omskrivingar og metaforar for å snakke om temaet på ein indirekte måte.

Dette krev at mottakaren er vaken for betydinga av alle hinta og omskrivingane. Viss du er vand med ein lineær måte å kommunisere på, kan det kanskje vere frustrerande å ikkje komme til saka.


Tenk over / diskuter:

Kan du tenkje på døme der du har prøvd å snakke med nokon om noko som du synest er flautt? Trur du spiralmodellen kan beskrive ein slik samtale?

Ulike modellar til ulike formål

Sjølv om ein kan generalisere og seie at i nokre samfunn er talemåtane meir direkte enn andre, er det slik at dei ulike talemåtane blir brukte til ulike formål. Når du snakkar om eit kjenslevart tema, er spiralmodellen ofte brukt, og når vi småpratar med ein kollega ved kaffitraktaren, er det kanskje sløyfemodellen som passar best.

Dei ulike uttrykksformene blir brukte i dei fleste kulturelle fellesskap, alt etter situasjon, forventa høflegheit og formål med samtalen. Samtidig kan nokre kulturelle fellesskap favorisere den eine eller den andre forma. Som alt anna som gjeld kultur, er desse modellane noko du kan bruke til å forstå og beskrive kommunikasjonen i konkrete situasjonar, men sjeldan noko du kan bruke som fasit for å seie korleis store grupper menneske uttrykkjer seg.

Tenk over / diskuter:

Kva er fordelar og ulemper med dei ulike måtane å uttrykkje seg på?


Kjelde:

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

Skrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 12.02.2021