Språk og røyndom - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Språk og røyndom

Vi bruker språket til å beskrive verda, men har du tenkt over at språket òg er med på å forme korleis vi oppfattar røyndomen det beskriv?

Lingvistisk relativisme

Edward Sapir og Benjamin Lee Whorf var viktige forskarar innan ei eiga grein innanfor språkvitskapen der ein ser på samanhengen mellom språk og samfunn. Dei arbeidde ut frå ein hypotese om at språket påverkar korleis vi forstår verda, slik at menneske med ulike språk òg oppfattar verda på ulike måtar. Denne hypotesen har fått namnet Sapir-Whorf-hypotesen.

Språka har ulike kodar, ord og strukturar som språkbrukarane kan bruke når dei uttrykkjer seg. Dette utgjer rammer eller avgrensingar for kva språkbrukarane kan seie om verda, og dermed òg rammer for korleis dei forstår verda.

Språket påverkar korleis vi oppfattar røyndomen

Dei fleste forskarar på dette feltet i dag seier ikkje at språket bestemmer korleis vi oppfattar røyndomen (lingvistisk determinisme), men at språket påverkar korleis vi oppfattar røyndomen (lingvistisk relativisme). Under går vi igjennom nokre døme på kva dette handlar om.

Ord som skaper orden

Kva ord vi som språkbrukarar har å velje mellom i eitt enkelt språk, speglar ein bestemd måte å ordne fenomen i verda på. Når vi som språkbrukarar bruker desse orda, seier Sapir-Whorf-hypotesen at oppfatninga vår av røyndomen blir påverka av denne måten å ordne verda på.

Eit døme på dette er orda som finst for ulike fargar i eit språk. Enkelte språk skil til dømes ikkje mellom grønt og blått, og eksperiment viser at språkbrukarane då heller ikkje opplever ein forskjell i farge på objekt som er grøne og blå (Kay & Kempton, 1984).


Tenk over/diskuter:

Kva slags syn på internett-verda tenkjer du ligg i å bruke omgrepet "IRL" (In Real Life) om det som ikkje skjer online? Trur du dette påverkar korleis vi oppfattar det som skjer på nettplattformene?

Strukturar som speglar og formar

Det er ikkje berre samlinga av ord i eit språk som påverkar korleis språkbrukarar ser på verda. Strukturar i språket, som grammatikken, både speglar og påverkar ein måte å sjå på røyndomen på. Forskarar har sett på korleis ulike system for bøying av verb påverkar oppfatninga av tid. Mange vestlege språk bøyer verb i fortid, notid og framtid, noko som speglar og formar eit bestemt syn på tida. Tida er lineær, og ho kan dermed ordnast i fortid, notid og framtid. Tida kjem og går, og vi kan måle dette ved å dele ho opp i sekund, minutt og timar.

Andre språk speglar og formar ei heilt anna tidsoppfatning. Hopi-språket i USA har til dømes ikkje verbkategoriar for fortid og framtid, men deler heller verda opp i det du kan sjå, som notida og nær fortid og nær framtid, og det du ikkje kan sjå, som ligg langt tilbake eller fram i tid. I Hopi-språket er det heller ikkje ord som deler opp tida i minutt og sekund (Allard-kropp, 2020).

I denne TED-førelesinga beskriv Lera Boroditsky korleis språk formar tankane våre:

TED: "How language shapes the way we think | Lera Boroditsky" (YouTube)


Tenk over/diskuter:

Korleis ser du for deg tida? Passar dette med orda du bruker for å beskrive tid?

Metaforar i språket

George Philip Lakoff og Mark Johnson gav i 1980 ut boka Metaphors we live by. Der bygde dei vidare på idéen om at språket påverkar korleis vi ser røyndomen, ved å undersøkje kva idéar om røyndomen som ligg bak mange vanlege talemåtar. Dei peika på at vi i språket har mange som uttrykkjer bestemde idéar om verda, som igjen formar korleis vi oppfattar ho. Dei peikte på at desse idéane kan variere på tvers av kulturelle og språklege fellesskap.

Eit døme som Lakoff og Johnson gir, er korleis enkelte språk omtaler diskusjonar. I mange språk ligg det til grunn ein metafor som samanliknar diskusjon med krig. Dette kjem til uttrykk i ord og uttrykk vi bruker for å snakke om diskusjonar. På norsk snakkar vi jo ofte om å "vinne" ein diskusjon, og vi omtaler deltakarar i ein diskusjon som "motstandarar" som "angrip" oss, og som vi "forsvarer" oss mot eller "går til kamp" mot. Lakoff og Johnson tenkte seg ein kultur der metaforen for diskusjon var ein dans. Dette ville kome til uttrykk i orda som vart brukte for å beskrive diskusjonar: partnarar, ikkje motstandarar, samspel, ikkje kamp, og der målet er å få til ein fin dans saman, ikkje at den eine vinn over den andre.


Tenk over/diskuter:

Trur du orda vi bruker om diskusjonar, påverkar korleis vi oppfattar det å diskutere?

Har du døme på ord eller uttrykk som beskriv diskusjonar meir som ein dans enn som ein kamp?


Kjelder

Allard-kropp, M. (2020, 4. desember). Linguistic Relativity – The Sapir-Whorf Hypothesis. LibreTexts (Social Science). https://socialsci.libretexts.org/@go/page/75159

Grue, J. (2019, 18. juli). Metafor. I Store norske leksikon. https://snl.no/metafor

Henriksen, A. H. & Kjøll, G. (2017, 21. mars). Sapir-Whorf-hypotesen. I Store norske leksikon. https://snl.no/sapir-whorf-hypotesen

Kay, P., & Kempton, W. (1984). What Is the Sapir-Whorf Hypothesis? American Anthropologist, 86(1), 65–79. http://www.jstor.org/stable/679389

Lakoff G. & Johnson, M. (1980). Metaphors we live by. University of Chicago press.

Siverts, H. (2021, 14. januar). Edward Sapir. I Store norske leksikon. https://snl.no/edward_sapir

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021