Oppgave
Å bryte språkbarrierar
Ali Mohamed har laga ei ordbok for å forklare norske ord og uttrykk. Kva kan vi lære av dette om språk og kommunikasjon i eit fleirkulturelt samfunn?
Ali Mohamed har laga ei eiga ordbok som forklarer ord og uttrykk på norsk som det ikkje er lett å forstå utan kontekst. Sjå intervjuet med Ali Mohamed hos Lindmo, og reflekter rundt spørsmåla under:
NRK TV: Ali Mohamed hos Lindmo
- Kva var bakgrunnen for at Ali Mohamed bestemde seg for å lage denne boka?
- Kva gjorde Mohamed for å få kollegaene til å forstå at han ikkje forstod?
- I intervjuet seier Mohamed at han ønskjer "å synleggjere at språk ikkje berre er orda vi bruker". Kva trur du han meiner med dette? Kan du finne omgrep og kunnskap frå artiklane nedst som forklarer og stadfestar det Mohamed seier om språk over?
- Det er òg store forskjellar mellom generasjonar når det gjeld å bruke og forstå ein del ord og uttrykk. Forstår du alle uttrykka i kvissen nedst i denne NRK-artikkelen om Ali Mohamed?
- Videoen under gir ei innføring i uttrykket "det er typisk norsk å vere god" på somalisk. Sjå gjennom videoen og diskuter: Kva seier videoen om kor mykje kunnskap du eigentleg treng for å forstå og kommunisere godt på eit anna språk?
- Mohamed nemner på slutten av intervjuet to uttrykk han liker spesielt godt: "å ha to tankar i hovudet samtidig" og "å vere samde om å vere usamd". Han seier òg at desse to er typisk norsk. Kva tenkjer du desse to uttrykka seier om det norske samfunnet?
Vil du seie at Mohamed har interkulturell kompetanse? Grunngi.
Norsk som andrespråk: Det er typisk norsk å være god
- Bruk modellar og omgrep om kommunikasjon og kontekst til å beskrive språkbarrieren Mohamed opplevde på jobb, og korleis han løyste problemet.
- Kva trur du Anne Lindmo meiner når ho seier i intervjuet at: "Det vart eit slags gruppearbeid med folk rundt deg?"
- Mohamed knyter det å lære norske ord og uttrykk til integrering og det å delta i fellesskapet. Kva tenkjer du om dette?
- Bruk det Ali Mohamed fortel til å lage nokre punkt for god kommunikasjon i samanhengar der nokon har språket som andrespråk. Du kan òg bruke stoff frå artiklane nedst.
Del tipsa med klassen, og bli samde om nokon felles punkt.
Relatert innhald
Fagstoff
Kva er språkkompetanse?Kvar gong vi seier eller skriv noko, nyttar vi oss av ein kompleks språkkompetanse.
Fagstoff
Andrespråk og kommunikasjonÅ kunne eit språk handlar om mykje meir enn å kjenne betydinga av enkeltord.