Oppgåve
Litteratur i Kina – studiespørsmål

Det historiske verket Zuozhuan, komponert i siste halvdel av 400-talet fvt., omhandlar perioden 722–468 fvt.
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Litteratur i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Diskuter i klassen.
- Folk flest i Vesten er ikkje klar over kor viktig den litterære tradisjonen er for kinesarar. Men bryr unge kinesarar seg om det i dag? Finn eksempel på nettet.
- Kvifor mista kinesisk poesi den høge statusen som han tradisjonelt hadde hatt?
- I våre dagar er kinesisk litteratur i ferd med å bli kosmopolitisk. I USA har for eksempel fleire kinesiske forfattarar hatt suksess med å skrive på engelsk. Men nokre av dei er òg amerikanarar av kinesisk avstamming. Finn fram til nokre av desse.
Relatert innhald
Kinas litteraturhistorie – ei oversikt
Kina har ein lang, samanhengande litterær tradisjon, der poesi har spelt ei viktig rolle. Her er ei innføring.