Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Verdikjeda og berekraftig utvikling

Oppgåve

Utforsk verdikjeda

Verdikjeda til ei bedrift er aldri sterkare enn det svakaste leddet sitt. Kva kan de finne ut om verdikjeda til lokale bedrifter?

Oppgåve

Jobb i par.

Vel ei bedrift på heimstaden dykkar. Det kan vere ei produksjonsbedrift eller ei handelsbedrift. Bruk informasjon frå nettsida til bedrifta. Søk på verdikjede, om oss og samfunnsansvar. Du kan òg finne mykje informasjon i verksemda si utgreiing i samband med openheitslova.

Del 1

Gjer reie for alle ledda i verdikjeda til bedrifta.

Del 2

Beskriv det som de meiner er det svakaste leddet.

Del 3

Bedrifter må jobbe systematisk med å skape verdiar i alle ledd. Oppstår det feil eller avvik, må det setjast inn tiltak straks. Heile prosessen kan framstillast som vist i modellen «kvalitetshjulet».

Bruk kvalitetshjulet til å kome med forslag til forbetringar av det svakaste leddet.

Del 4

I kva grad er bedrifta berekraftig? Grunngi svaret.

Del 5

Presenter verdikjeda til bedrifta for klassa.

Fagomgrep

Produksjonsbedrift
er ei bedrift som produserer og sel varer.
Handelsbedrift
er ei bedrift som kjøper inn varer for så å selje dei vidare.
Verdikjeda til bedrifta
er prosessen i alle ledd frå råvara eller produktet blir kjøpt inn til bedrifta, til produktet blir selt og går ut frå bedrifta.
Verdikjeda til produktet
er prosessen i alle ledd frå uthenting av råvarer til gjenvinning.
Berekraftig utvikling
er utvikling som møter dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt behova sine.
Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 12.01.2026