Oppgåve
Verdikjedeanalyse av ferdigpizza
No skal de undersøke verdikjeda til ulike ferdigpizzaer. Klassen blir delt inn i par som skal undersøke pizzaer frå ulike leverandørar.
Del 1: Kartlegg verdikjeda til ferdigpizzaen
Lag ei oversikt over dei ulike ledda i verdikjeda til ferdigpizzaen.
Kva er dei viktigaste råvarene som blir brukte i pizzaen, og kvar kjem dei frå?
Del 2: Beskriv vareflyten
Beskriv vareflyten frå råvarer til ferdig konsumert pizza.
Kva for transportmiddel blir brukte?
Del 3: Vurder kvalitet
Forklar kva som kan påverke kvaliteten på produktet i dei ulike ledda i verdikjeda.
Korleis kan produsenten sikre god kvalitet i alle ledd?
Del 4: Vurder berekraft
Kva for berekraftsdilemma finst i verdikjeda for ferdigpizza?
Er ferdigpizza eit berekraftig produkt? Argumenter for synet ditt saman med ein medelev.
Del 5: Diskuter i klassen
Kva for ein pizzaprodusent har den mest berekraftige pizzaen?
