Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Verdikjeda og berekraftig utvikling

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Kva er sirkulær økonomi?

Kva er sirkulær økonomi, og kvifor må vi erstatte dagens lineære økonomi med ein sirkulær? Korleis vil det påverke livet vårt? Her skal vi sjå på kvifor vi må over til ein sirkulær økonomi, og kva det eigentleg inneber.

Sirkulær økonomi – betre bruk av ressursane

Sirkulær økonomi er eit økonomisk system der varer ikkje blir til søppel når dei er "oppbrukte", men heller til delar av nye varer. Idéen bak sirkulær økonomi er inspirert frå krinsløp i naturen. Plantar og blomstrar som døyr, blir ikkje avfall i naturen, men dei blir til næringsstoff for andre organismar.

I ein sirkulær økonomi er målet at alle delane av varene som blir brukte, blir resirkulerte, og at ingenting blir deponert på ei søppelfylling. Men målet er òg at kvart enkelt ledd i systemet skal forbetrast, slik at vi bruker minst mogleg energi og færrast mogleg naturressursar i kvart ledd. Viss skjermen på mobilen din knuser, bør det vere lett å byte skjermen, og viss buksa di får eit hol, må det vere lett å lappe holet framfor å kaste buksa og kjøpe ei ny.

I dag overforbruker vi ressursane i naturen – vi lever ikkje berekraftig. Derfor trengst det ei endring i korleis vi lever liva våre. Sirkulær økonomi kan hjelpe oss med å få ned klimagassutsleppa og unødvendig stor bruk av naturressursar. I tillegg kan ein sirkulær økonomi bidra til å få ned avfallsmengda sidan dei ulike delane av produkt ikkje blir avfall, men heller råstoff til nye produkt.

Film: Frå bruk og kast til sirkulær økonomi

I denne videoen frå NRK Skole og Loop Miljøskole (lengde 6:44) blir sirkulær økonomi og avfallspyramiden godt forklart.

Kva er lineær økonomi?

Omtrent dei hundre siste åra har vi hatt det vi kallar ein lineær økonomi. Det vil seie at vi har eit lineært system der vi hentar ut råvarer frå naturen. Det kan til dømes vere bomull til ei T-skjorte. T-skjorta blir send til ein butikk og kjøpt og brukt av ein forbrukar. Når T-skjorta er sliten, eller når forbrukaren ikkje ønsker å ha produktet meir, blir ho kasta. I daglegtalen kallar vi gjerne dette bruk-og-kast-samfunnet.

Problemet med den lineære økonomien er at vi bruker store mengder naturressursar og får enorme mengder avfall. Eit anna problem er at det blir lønnsamt å lage produkt av dårleg kvalitet, for då må forbrukarane raskare erstatte dei produkta dei har.

Lineær økonomi er det vanlege i godt utvikla, vestlege land. Men det er viktig å hugse på at dette er noko som er relativt nytt. Det var først i andre halvdel av 1900-talet at forbruket i rike land auka kraftig, og vi utvikla masseforbruk og lineær økonomi. Få menneske i verda har like god råd som oss nordmenn, og derfor er det òg få som har eit like stort forbruk som oss.

Tenk over

Har du opplevd at produkt du har kjøpt, har hatt dårleg kvalitet og blitt øydelagt for raskt?

Avfallshierarkiet

Avfallshierarkiet – eller avfallspyramiden – heng saman med det økonomiske systemet og kan hjelpe oss med å få til ein meir sirkulær økonomi.

Målet er å gjere mest mogleg så høgt oppe i hierarkiet som mogleg, då blir det mindre avfall og mindre behov for å hente ut nye naturressursar.

Mindre avfall

Det enklaste og beste er å bruke mindre. Vi kan kjøpe færre ting, dele på ting og ta betre vare på det vi har. Ved å kjøpe produkt som enklare kan reparerast, kan vi òg bruke færre naturressursar.

Gjenbruk

Det neste trinnet i hierarkiet er gjenbruk eller ombruk. Vi kan sy om klede, pusse opp møbel eller kjøpe brukt framfor nytt.

Gjenvinning

Når produkt er "brukte opp", kan dei gjenvinnast og bli til nye produkt. Panteordninga i Noreg er eit godt døme på eit system som gjer gjenvinning enkelt.

Energi

Målet er at mest mogleg skal skje høgt opp i hierarkiet, men det er betre å brenne avfall og skape energi enn å deponere.

Deponi

Det å deponere, altså å lagre avfallet på ei søppelfylling, er nedst i avfallshierarkiet fordi det er siste utveg og noko vi helst vil unngå. Deponering passar ikkje inn i ein sirkulær økonomi.

Test deg sjølv

Relatert innhald

Kjelder

LOOP – Stiftelsen for Kildesortering og Gjenvinning & Lindberg, H. Ø. (2021, 2. juli). Avfallshierarki. I Store norske leksikon. https://snl.no/avfallshierarki

Miljødirektoratet. (2021, 1. juni). Sirkulær økonomi. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/sirkular-okonomi/

Universitetet i Oslo. (2020, 27. januar). Masseforbruk [Audiopodkast-episode]. I Norgeshistorie. Universitetet i Oslo. https://www.norgeshistorie.no/podkast/index.html

Shahinian, N. (2022, 14. februar). Design ditt eget liv [Audiopodkast-episode]. I Burde vært pensum. NRK. https://radio.nrk.no/podkast/burde_vaert_pensum/l_656ff722-2a20-4b5c-aff7-222a204b5c02

Stefansen, A. (2022). På "klesindustriens kirkegård" i Chiles ørken. NRK. https://www.nrk.no/urix/pa-_klesindustriens-kirkegard_-i-chiles-orken-1.15802311


Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 03.03.2026