Fem på gata - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Fem på gata

Etikk og berekraft i verdikjeda til klesprodusentane er noko det blir retta stor merksemd mot i dag. Men er vi villige til å betale ein høgare pris for kleda vi kjøper?

Norske forbrukarar er positive til bedrifter som praktiserer etisk handel. Men dei fleste forbrukarar gjer likevel lite for å sjekke varene og tenestene dei kjøper. I denne oppgåva skal de lage ei «fem på gata»-undersøking for å finne ut litt meir om kor opptekne folk faktisk er av etisk handel.

Oppgåve

Førebuingar

Les om etikk, samfunnsansvar og berekraft på nettsidene til ulike klesprodusentar, til dømes Cubus, Stormberg og H&M.

Førebu tre korte spørsmål om etisk handel.

Del 1 – i par ute

Ta med dykk penn og papir og gå til sentrum eller eit handlesenter der de bur. Ta kontakt med folk på gata eller senteret, og spør dei høfleg om de kan stille dei nokre spørsmål til eit skuleprosjekt om etisk handel. Prøv å få intervjua fem ulike personar. Kanskje de òg får lov til å ta eit bilete av produktet dei er interesserte i eller har kjøpt?

Del 2 – i par på skulen

Reinskriv intervjua dykkar i eit dokument, og set kvart intervju saman med biletet som høyrer til. Skriv ut og lag ein kollasj på veggen i klasserommet.

Del 3 – i klassa

Les kvarandre sine «fem på gata». Diskutere funna dykkar. Er folk opptekne av etisk handel der de bur? Er svara overraskande? Kvifor / kvifor ikkje?

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2020