Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Rekneskap, budsjett og lønnsemd

Fagstoff
Interaktivt innhald

Utarbeide eit budsjett

Kor mykje skal verksemda selje neste år, og kor mykje pengar må vi bruke for å nå salsmålet vårt? Vi talfestar forventningane våre i eit budsjett, som er ein økonomisk plan for drifta.

Kva er eit budsjett?

Vi har to hovudtypar av budsjett: resultatbudsjett og likviditetsbudsjett.

Resultatbudsjettet gir oss oversikt over forventa inntekter og kostnader. Dette budsjettet utarbeider vi for å sikre oss at verksemda går med overskot, altså eit positivt resultat.

Likviditetsbudsjettet er ei oversikt over forventa innbetalingar og utbetalingar i ein periode. Dette budsjettet utarbeider vi for å sikre oss at verksemda har nok pengar til å betale rekningane ved forfall.

Korleis utarbeider vi eit budsjett?

Resultatbudsjett

Det er utfordrande for ei nystarta verksemd å budsjettere det første driftsåret. Utan erfaring frå tidlegare år er det vanskeleg å føresjå kor store inntektene og kostnadene kjem til å bli.

For verksemder som har drive nokre år, vil resultatrekneskapen frå i fjor vere utgangspunkt for budsjetteringa. Men kan vi forvente at inntektene blir slik som for fjoråret? Her må vi vurdere prisstigning, endring i konkurransesituasjonen og marknaden.

Budsjettet må gi overskot, det vil seie at inntektene må vere større enn kostnadene. Vi utarbeider gjerne eit årsbudsjett, som er ein plan for heile året sett opp i kroner. Eit resultatbudsjett hjelper oss med å lage gode og realistiske planar for drifta.

Vi skal i det følgande sjå på korleis vi kan utarbeide budsjett for ei ungdomsbedrift som skal drive kaffibar på skulen. Nedanfor ser du korleis resultatbudsjettet kan sjå ut.

Salsinntekter

Vi startar med å budsjettere salsinntektene. For å berekne salsinntektene må vi sjå på forventa sal. Salsinntektene finn vi ved å gonge salspris med talet på einingar vi forventar å selje. Ungdomsbedrifta forventar å selje 1 000 kaffikoppar til 40 kroner per stykk. Forventa inntekt blir dermed:

1 000 x 40 kr = 40 000 kr

Varekostnader

Når vi har budsjettert inntekta, bereknar vi varekostnaden. Varekostnaden er ein variabel kostnad som aukar og minkar i forhold til salsinntektene. Ungdomsbedrifta bereknar ein varekostnad på 15 kroner per kaffikopp, og vi får då totalt:

1 000 x 15 kr = 15 000 kr

Dekningsbidrag

Dekningsbidrag skal dekke faste kostnader og gi eit positivt resultat (forteneste). Vi bereknar dekningsbidraget ved å ta sum inntekter og trekke frå sum variable kostnader:

40 000 kr − 15 000 = 25 000 kr

Faste kostnader

Faste kostnader er dei kostnadene som er uavhengig av kor mykje vi klarer å selje. For ungdomsbedrifta er dette marknadsføring, husleige og straum og diverse kostnader.

Etter å ha snakka med leiinga på skulen, veit ungdomsbedrifta at dei kan budsjettere med 5 000 kroner til saman i husleige og straum for månadene dei skal drive ungdomsbedrift. Marknadsføring kan vere litt vanskelegare å berekne, men sidan dei har bestemt seg for å trykke opp flygeblad, og dessutan betale for annonsering på Instagram, bestemmer dei seg for å budsjettere med 3 000 kroner til marknadsføring. Dei reknar med at det vil bli nokre kostnader dei ikkje har tenkt på, og budsjetterer derfor med 2 000 kroner i diverse kostnader:

5 000 + 3 000 kr + 2 000 kr = 10 000 kr

Resultat

Resultatet skal vere positivt, og det viser fortenesta vår. Vi reknar ut resultatet ved å ta dekningsbidrag og trekke frå sum faste kostnader:

25 000 kr − 10 000 kr = 15 000 kr

Ungdomsbedrifta har ikkje budsjettert med lønn, men vil dele resultatet mellom dei som er med i bedrifta.

Likviditetsbudsjett

For å vere sikker på at vi kan betale rekningane til rett tid, må vi ha oversikt over pengebehaldninga vår til kvar tid. Ei verksemd kan ha høg inntekt, men likevel ikkje kunne betale rekningane viss kundane betaler seint. Det er derfor viktig å setje opp eit likviditetsbudsjett.

Likviditetsbudsjettet, som er ei oversikt over forventa innbetalingar og utbetalingar i ein periode, set vi opp etter at vi har utarbeidd resultatbudsjettet. Nedanfor ser vi eit døme på korleis likviditetsbudsjettet til kaffibaren UB kan sjå ut.

Vanlegvis har vi meirverdiavgift med i likviditetsbudsjettet, men sidan dette er ei ungdomsbedrift, kan vi sjå bort frå meirverdiavgifta.

Inngåande balanse

Den inngåande balansen i oktober er andelane dei har kjøpt i bedrifta. Inngåande balanse resten av månadene er utgåande balanse frå førre månad.

Innbetalingar

For å berekne kor store innbetalingar vi skal budsjettere med i likviditetsbudsjettet, tek vi utgangspunkt i inntektene frå resultatbudsjettet. Der har vi budsjettert med 40 000 kroner i salsinntekter. I likviditetsbudsjettet må vi fordele dette beløpet etter kor mykje dei trur dei får selt dei ulike månadene. Ut frå innbetalingane ser vi at dei har budsjettert med å selje 100 koppar kaffi i oktober, 125 koppar i november og så vidare.

I likviditetsbudsjettet er det avgjerande når kunden betaler, og ikkje når dei kjøper. Om vi lar kundane betale månaden etter at dei ha kjøpt, må vi ta omsyn til dette i likviditetsbudsjettet.

Utbetalingar

For å berekne kor store utbetalingar vi skal budsjettere med i likviditetsbudsjettet, tek vi utgangspunkt i kostnadene frå resultatbudsjettet. I tillegg må vi sjå på når dei ulike kostnadene faktisk skal betalast. Om vi til dømes forkuddsbetaler husleige eller forsikring, så vil utbetalinga komme før kostnaden. Får vi faktura på varekjøp som skal betalast om 14 dagar, så kjem utbetalinga etter kostnaden.

Utbetalingar er summen av kva dei forventar å betale dei ulike månadene i varekostnader, marknadsføring, husleige og diverse. Ungdomsbedrifta har budsjettert med nokså store utbetalingar dei to siste månadene sidan dei har fått ein avtale med skulen om at dei skal betale husleige for heile året i april, og sidan dei reknar med at marknadsføringa blir betalt i mars.

Test deg sjølv

I den interaktive oppgåva under kan du teste kva du no kan om budsjett:

Skrive av Tone Hadler-Olsen og Cecilie Lund.
Sist oppdatert 24.09.2025