Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Rekneskap, budsjett og lønnsemd

Oppgåve

Øv deg på å føre rekneskap

I desse oppgåvene skal du øve deg på å føre rekneskap.

Oppgåve

For kvar av casane nedanfor skal du løyse følgande oppgåve:

  1. Setje opp inngåande balanse

  2. Gjennomfør nødvendige berekningar og registrere dei økonomiske hendingane

  3. Avslutte rekneskapen

  4. Vurdere resultatet

1: Lykkeliten UB

Lykkeliten UB blei etablert 1. september og skal drivast i åtte månader.

Forretningsidé: Vi i Lykkeliten UB ønsker å planlegge og gjennomføre bursdagsselskap for barn frå 4 til 10 år i kommunen vår.

Produktet dei tilbyr, er planlegging, gjennomføring og oppfølging av barnebursdagar i gymsalen på skulen. Produktvariantane er: prinsesse, sport, pirat og valfritt tema.

Prisen er sett til 160 kroner per deltakar i barneselskapet. Dei kjøper varer frå ulike butikkjeder, som Kiwi og Europris. Produkta dei kjøper, er bakarvarer, brus, pynt, eingongsservise og liknande, og dessutan alt som trengst for å lage maten til selskapet og det som elles må til for å arrangere bursdagsselskap for barn.

Som ungdomsbedrift er dei fritekne for meirverdiavgift, arbeidsgivaravgift og skatt. Timelønn for tilsette i samband med bursdagsselskap som blir arrangerte etter skuletid, er 100 kroner. Alt blir betalt via nettbank.

Rekneskapen skal førast for september, og bedrifta har då ingen inngåande balanse.

Økonomiske hendingar

  • 02.09. Selt 15 eigarandelar à kr 100

  • 09.09. Betalt skulen kr 140 for utskrift av flygeblad og plakatar

  • 16.09. Kjøpt gåve, papptallerkar, duk og serviettar på Europris for kr 350

  • 16.09. Kjøpt bakarvarer og brus på Kiwi for kr 250

  • 23.09. Motteken betaling frå Thea Olsen for selskap med 15 barn

  • 25.09. Betalt kr 200 for leige av gymsalen på skulen

  • 30.09. Utbetalt lønn til 5 tilsette à 2 timar à kr 100

2: Hundepensjonatet Pasja

Nina og Elin skal drive hundepensjonatet Pasja frå 01.01. Dei har kjøpt inventar for 25 000 kroner. Nina og Elin har investert sparepengane sine, 30 000 kroner, i bedrifta. Dei har lånt 15 000 kroner frå banken, resten er bankinnskot.

I tillegg til balansekontoane har Nina og Elin desse kontoane:

  • salsinntekter
  • reklamekostnader
  • husleige
  • rentekostnader

I januar har hundepensjonatet desse økonomiske hendingane:

  • 02.01. Betalt husleige kr 2 000
  • 04.01. Sal av pensjonattenester kr 1 500

  • 07.01. Betalt for digital marknadsføringskampanje for våren kr 5 000

  • 08.01. Betalt avdrag på kr 2 000 og renter på kr 1 000 på banklån
  • 14.01. Sal av pensjonattenester kr 4 000
  • 17.01. Kjøp av hundeutstyr kr 2 000
  • 27.01. Sal av pensjonattenester kr 3 000

I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.

3: Maxbygg

Maxbygg har desse balansepostane per 1. mai:

  • maskiner kr 300 000

  • bankinnskot kr 40 000

  • eigenkapital kr 150 000

  • lån i bank kr 190 000

I tillegg til kontoane i balansen bruker bedrifta desse kontoane:

  • rentekostnader

  • maskin- og bilkostnader

  • telefon

  • salsinntekter

I mai har bedrifta følgande økonomiske hendingar:

  • 02.05. Avdrag og renter på lån kr 11 000

    • avdrag kr 7 000

    • renter kr 4 000

  • 04.05. Betaler diesel kr 1 600

  • 07.05. Får pengar for byggeoppdrag kr 9 000

  • 13.05. Betaler telefonrekning kr 500

  • 15.05. Får pengar for byggeoppdrag kr 14 000

  • 22.05. Betaler reparasjon av maskin kr 4 500

  • 29.05. Får for bygging kr 20 000

  • 29.05. Betaler diesel og olje kr 3 000

I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.

4: Klesbutikken Asympa

Malgorza har etablert ein pop-up-butikk for klesmerket Asympa, og har leigd lokale frå 01.01. til og med 01.04. I denne perioden vil ho prøve å selje ut varelageret sitt.

Malgorza har desse balansepostane per 1. januar:

  • bankinnskot kr 20 000

  • inventar kr 5 000

  • varelager med ein verdi på kr 60 000

  • eigenkapital ?

I tillegg til balansekontoane har ho desse kontoane:

  • salsinntekter
  • husleige
  • andre driftskostnader
  • varekjøp

Før rekneskapen for som har følgande økonomiske hendingar:

  • 02.01. Betalt husleige for januar kr 10 000

  • 03.01. Betaler for reklame i sosiale medium kr 2 000

  • 04.01. Betalt for gåvepapir m.m. kr 4 000
  • 31.01. Salsinntekter januar kr 40 000

  • 01.02. Betaler husleige for februar kr 10 000

  • 28.02. Salsinntekter februar kr 90 000

  • 01.03. Betaler husleige for mars kr 10 000

  • 31.03. Salsinntekter mars kr 60 000

  • 31.04. Gjenståande varebehaldning på kr 5 000. Juster varebehaldninga og før den totale varekostnaden for perioden.

I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.

5: Skomakar Andersen

Skomakar Andersen starta skomakarverkstad 01.11. Her er ei oversikt over kva han hadde når perioden begynte:

  • maskiner for kr 20 000
  • hyller, benker, bord og stolar for kr 5 000
  • kr 30 000 på ein bankkonto

  • eigenkapital?

Økonomiske hendingar i verkstaden i november månad:

  • 01.11. Betaler husleige for november månad på kr 6 000

  • 02.11. Sel sko som han har laga, for kr 8 500

  • 05.11. Kjøper inn ler og lærsolar, stiftar, lim og råmateriale for kr 10 000
  • 18.11. Reparert sko for kr 4 300 (salsinntekter)
  • 25.11. Kjøper inn meir ler og råmateriale til reparasjon for kr 5 000
  • 29.11. Sel sko som han har laga, for kr 11 400

I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.

Skrive av Heidi Bukten, Hindrik Sants og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 14.10.2025