Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Korleis lese ein rekneskap?

Rekneskap er ei viktig kjelde til informasjon. Her skal vi sjå på korleis ein rekneskap er bygd opp, og kva slags informasjon vi kan finne i rekneskapen.

Årsrekneskap

I samsvar med rekneskaplova må alle aksjeselskap føre rekneskap. Årsrekneskapen består av to delar: balanserekneskap og resultatrekneskap.

Balanserekneskap

I balanserekneskapen finn vi ei oversikt over eigedelane, lånet og eigenkapitalen for verksemda.

Resultatrekneskap

I resultatrekneskapen finn vi ei oversikt over inntektene og kostnadene for verksemda. Om inntektene er større enn kostnadene, har verksemda eit positivt resultat, altså eit overskot.

Vi deler inn inntektene i driftsinntekter og finansinntekter. Og på tilsvarsande måte deler vi inn i driftskostnader og finanskostnader.

Driftsresultat

Når vi tek driftsinntekter og trekker frå driftskostnadene, finn vi driftsresultatet. Det er dette som seier oss noko om korleis drifta har gått.

Proff.no

På nettsida proff.no finn vi rekneskapstal for norske bedrifter. Vi skal i det følgande sjå på tala som er oppgitt for Oppegård Brus AS. Den vesle brusprodusenten blei oppretta som aksjeselskap i 2020, men starta før det som ei ungdomsbedrift.

Rekneskapstal for Oppegård brus AS på proff.no

Nettsida til Oppegård brus AS

Fotnotar

Kommentarar til tal i rekneskapen kallar vi fotnotar. Tal som krev ei spesiell forklaring, er merkt med eit lite tal med ein tilhøyrande kommentar under rekneskaptala. Når vi skal tolke ein rekneskap, kan det òg vere nyttig å lese fotnotane.

Utvikling over tid

I tillegg til å sjå på tala for eit bestemt år bør vi sjå på kva slags utvikling verksemda har hatt over fleire år. Har verksemda ein positiv eller negativ utvikling?

Nøkkeltal

Nøkkeltal for Oppegård brus AS på proff.no.

Prøv sjølv

Gå inn på proff.no og søk opp ei verksemd du kjenner til. Kva kan du finne ut om verksemda ved å sjå på rekneskapen deira?

Kjelde

Proff.no. Oppegård Brus AS. Henta april 2025 frå oppegC3A5rd-brus-as/oppegC3A5rd/drikkevarer/IFALBST10MP

Relatert innhald

Rekneskapslova

Rekneskapslova beskriv grunnleggande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 11.02.2026