Oppgåve
Gjennomfør budsjettkontroll
Når rekneskapen er ferdigstilt, bør vi gjennomføre ein budsjettkontroll. I oppgåvene nedanfor skal du øve deg på å setje opp budsjettkontroll med avviksberekningar.

Når du skal setje opp ein budsjettkontroll, er det nyttig å bruke eit rekneark.
Oppgåve
Løys følgande oppgåve for kvar av casane i arkfanane i den vedlagde malen for budsjettkontroll.
Berekn avvik både i tal og prosent.
Vurder avvika i budsjettkontrollen og drøft
kva som kan vere årsaka til avvika
kva for tiltak som bør setjast inn
om vi bør gjere noko endringar i det neste budsjettet