Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Rekneskap, budsjett og lønnsemd

Oppgåve

Budsjett og rekneskap

Øv deg på å setje opp budsjett, føre rekneskap og berekne avvik mellom budsjett og rekneskap. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve

Med opplysningane for kvar av casane nedanfor skal du løyse desse oppgåvene i eit rekneark:

  1. Lag eit budsjett.

  2. Før rekneskap.

  3. Samanlikn budsjett og rekneskap (utfør ein budsjettkontroll), og kommenter avvika.

Case 1: Lærlingen Elias

Elias skal gå i lære innan elektro og gler seg til å byrje å tene pengar. Han vil flytte for seg sjølv og er spent på kor langt lønna rekk.

Forventa inntekter og kostnader

  • Utbetalt lønn: 21 000 kroner

  • Leige av hybel, inkludert straum: 7 000 kroner

  • Mat og drikke: 5 000 kroner

  • Andre daglegvarer: 300 kroner

  • Personleg pleie (frisør m.m.): 500 kroner

  • Klede og sko: 1 500

  • Internett og diverse abonnement: 1 200 kroner

  • Månadskort, kollektivtransport: 500 kroner

  • Diverse fornøyelser: 3 000 kroner

  • Sparing: ?

Faktiske inntekter og kostnader

  • Utbetalt lønn: 21 000 kroner

  • Leige av hybel, inkludert straum: 7 000 kroner

  • Mat og drikke: 5 500 kroner

  • Andre daglegvarer: 200 kroner

  • Personleg pleie (frisør m.m.): 400 kroner

  • Klede og sko: 2 500

  • Internett og diverse abonnement: 1 200 kroner

  • Månadskort, kollektivtransport: 500 kroner

  • Diverse fornøyelser: 3 500 kroner

  • Sparing: ?

Case 2: Ungdomsbedrifta Kortreist

Fem elevar skal starte opp ei ungdomsbedrift der dei skal produsere og selje syltetøy og saft. Mormora til den eine eleven har ein stor frukthage der dei får plukke så mykje bær og frukt dei ønsker, gratis.

Forventa inntekter og kostnader

  • Sal av 50 glas eplesyltetøy til 40 kroner per stykk

  • Sal av 25 glas plommesyltetøy til 45 kroner per stykk

  • Sal av 30 glas blåbærsyltetøy til 35 kroner per stykk

  • Sal av 20 flasker rabarbrasaft til 50 kroner per stykk

  • Kjøp av glas og flasker: 1 200 kroner

  • Kjøp av etikettar: 300 kroner

Faktiske inntekter og kostnader

  • Selde 40 glas eplesyltetøy til 40 kroner per stykk

  • Selde 30 glas plommesyltetøy til 45 kroner per stykk

  • Selde 20 glas blåbærsyltetøy til 35 kroner per stykk

  • Selde 15 flasker rabarbrasaft til 50 kroner per stykk

  • Kjøpte glas og flasker: 1 200 kroner

  • Kjøpte etikettar: 300 kroner

Case 3: Ungdomsbedrifta Blomsterkassar

Fire elevar på som går på tømrar, skal starte ungdomsbedrift der dei skal selje eigenproduserte blomsterkassar på hjul i ulike storleikar.

Forventa inntekter og kostnader

  • Sal av 35 små blomsterkassar til 500 kroner per stykk

  • Sal av 30 middels store blomsterkassar til 750 kroner per stykk

  • Sal av 25 store blomsterkassar til 1 000 kroner per stykk

  • Kjøp av plank: 10 000 kroner

  • Kjøp av hjul: 5 000 kroner

  • Kjøp av plast: 1 500 kroner

  • Kjøp av skruar: 1 000 kroner

  • 10 000 kroner kvar som lønn for arbeidsinnsatsen

Faktiske inntekter og kostnader

  • Selde 30 små blomsterkassar til 500 kroner per stykk

  • Selde 28 middels store blomsterkassar til 750 kroner per stykk

  • Selde 20 store blomsterkassar til 1 000 kroner per stykk

  • Kjøpte plank: 11 200 kroner

  • Kjøpte hjul: 7 000 kroner

  • Kjøpte plast: 2 000 kroner

  • Kjøpte skruar: 750 kroner

  • Til saman 40 000 kroner i lønn til elevane

Case 4: Familien Olsen

Malin og Liam Olsen er høvesvis 30 og 31 år gamle. Dei er gifte og har to barn, ei jente på 5 år og ein gut på 3 år. Begge barna går i barnehagen. Malin og Liam har éin elbil. Dei bur i ei leilegheit. Familien Olsens samla bruttoinntekt i året er på 1 000 000 kroner.

Tal til månadsbudsjettet

  • Malin er lærar og får utbetalt 35 000 kroner per månad.

  • Liam har ei 50 prosent konsulentstilling i kommunen og får utbetalt 25 000 kroner per månad.

  • Barnetrygda er 1 968 kroner per barn.

  • Kvar månad betaler dei 20 000 kroner i husleige.

  • I forsikringar betaler dei 1 250 kroner per månad.

  • Straumutgiftene er på 1 500 kroner per månad.

  • Kostnadene elles bereknar dei ved å bruke SIFOs referansjebudsjett og kalkulator på sidene til OsloMet.

Rekneskapstal

  • Malins nettolønn: 35 000 kroner

  • Liams nettolønn: 25 000 kroner

  • Barnetrygd: 3 936 kroner

  • Husleige: 20 000 kroner

  • Forsikring: 1 250 kroner

  • Straumkostnader: 1 500 kroner

  • Mat og drikke: 15 050 kroner

  • Klede og sko: 4 430 kroner

  • Personleg pleie: 1 980 kroner

  • Leik og mediebruk (individspesifikke): 3 700 kroner

  • Reise (kollektivt): 1 970 kroner

  • Andre daglegvarer: 750 kroner

  • Hushaldningsartiklar: 760 kroner

  • Møbel: 5 000 kroner

  • Mediebruk og fritid (hushaldningsspesifikke): 4 500 kroner

  • Bilkostnader (drift og vedlikehald): 2 105 kroner

  • Barnehage: 2 040 kroner

Case 5: Studenten Sofie

Sofie (20) skal studere og har nettopp flytta på hybel. Ho set opp eit budsjett som viser inntekter og kostnader for september.

Forventa inntekter og kostnader

  • Kveldsjobb to dagar i veka: utbetalt 10 000 kroner

  • Lån og stipend: 15 169 kroner

  • Leige av hybel, inkludert straum: 8 000 kroner

For å budsjettere kostnadene elles bruker ho tal frå SIFOs referansebudsjett.

Faktiske inntekter og kostnader

  • Kveldsjobb to dagar i veka: utbetalt 10 000 kroner

  • Lån og stipend: 15 169 kroner

  • Leige av hybel inkludert straum: 8 000 kroner

  • Mat og drikke: 4 570 kroner

  • Klede og sko: 980 kroner

  • Personleg pleie: 1 300 kroner

  • Mediebruk: 1 060 kroner

  • Reise (kollektivt): 591 kroner

  • Andre daglegvarer: 350 kroner

  • Hushaldningsartiklar: 51 kroner

  • Møbel: 0 kroner

  • Fritid: 2 550 kroner

Case 6: Din økonomi

Vekesbudsjett

Tenk deg godt om og set opp eit budsjett som viser dine inntekter og kostnader neste veke. Hugs å fordele månadlege inntekter og kostnader ut på kvar enkelt veke.

Vekesrekneskap

Skriv ned tal for alt du faktisk bruker neste veke. Legg til ein fjerdedel av dei faste månadlege inntektene og kostnadene.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Tone Hadler-Olsen og Bjarne Skurdal.
Sist oppdatert 02.09.2025