Fagstoff
Vitamin K
Vitamin K er naudsynt for å starte koaguleringsprosessen i blodet. Kroppen er med andre ord avhengig av vitamin K for å kunne stanse blødingar raskt.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Gode kjelder til vitamin K er grøne bladgrønsaker som spinat, kål, brokkoli og rosenkål.
Kroppen har berre eit lite lager av vitamin K, og det meste finst i levra. Spedbarn får tilskot av vitamin K rett etter fødselen fordi tarmbakteriane ikkje har rokke å produsere vitaminet, og fordi morsmjølk inneheld lite av det.
Mangel
Mangel på vitamin K gjer at blødingstendensen aukar. Antibiotika drep tarmbakteriar, og det kan derfor oppstå vitamin K-mangel etter bruk av slike legemiddel. Stort inntak av vitamin A og vitamin E kan òg føre til mangel på vitamin K.
Kjelder til vitamin K
Vitamin K finst i mange matvarer, og med eit normalt kosthald får vi vanlegvis i oss nok vitamin K. Lever og grøne grønsaker er dei viktigaste kjeldene, og i tillegg kan bakteriar som lever i tarmen, lage vitaminet.