Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Forbrukarmakt for berekraft

Som enkeltpersonar kan vi velje å legge om forbruket vårt i ei meir berekraftig retning, men det har større effekt viss mange gjer det same. Vi kan òg prøve å bruke forbrukarmakta vår til å påverke verksemder til å gå i ei meir berekraftig retning.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.
Kva kan vi gjere for miljøet som enkeltperson? Det er ei rekke enkelthandlingar vi kan utføre, som gir gode klimatiltak til saman. Her gir Radical Broccoli-søstrene, Susanne og Anette Bastviken, klimatips til Elise Alexandra Gulbrandsen. Video: VG / Avgrensa gjenbruk

Tenk over

Er det eit eller fleire av klimatipsa til Radical Broccoli-søstrene som du blei inspirert av? Kva for nokre, i så fall?

Forbrukarmakt og palmeolje

Som forbrukarar kan vi påverke kva for varer og tenester som blir tilbydde. Viss vi er mange nok som går inn for å kjøpe eit produkt eller ein bestemd type vare, vil fleire butikkar kanskje byrje å tilby det. Dermed blir det lettare tilgjengeleg, og endå fleire får moglegheita til å kjøpe det.

I motsett fall kan redusert sal skape merksemd rundt ei bestemd problemstilling. I 2012 blei det sett i gang ein kampanje mot produkt som inneheldt palmeolje. Mange forbrukarar byrja å unngå desse produkta. Produsentane tok signala, og i dag er forbruket av palmeolje redusert med to tredjedelar.

Sweatshop

I Sweatshop-episoden nedanfor (10:40) ser vi fire ungdommar, mellom dei influensaren Anniken Jørgensen, som reiser til Kambodsja. Dei ønsker å stille krav om openheit om arbeidsforhold i tekstilfabrikkar, med eit mål om å påverke rettane til tekstilarbeidarane.

Episode 1 av sesong 2 frå serien Sweatshop. Serien er frå 2016. Video: Hacienda Film AS, Aftenposten / CC BY-NC-ND 4.0

Tenk over

Er det ei eller fleire saker du er villig til å bruke forbrukarmakta di på? Kva for nokre, i så fall?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 11.10.2023