Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Greta sin kamp for klimaet

Kven hadde trudd at ein 16-åring skulle bli den tydelegaste stemma i klimadebatten? Svenske Greta Thunberg har klart å få verdsleiarar til å lytte til bodskapen sin: "Vi må handle no. Klimagassutsleppa må stoppast." Vil dei som har makt, følgje råda hennar? Vil du?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje framtidige generasjonar sine moglegheiter til å dekkje sine behov.

Berekraftig utvikling er eit tema du skal møte i alle fag. Målet er at du skal forstå grunnleggjande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet, og korleis dei kan handterast. Klimaspørsmålet står sentralt i dette. Korleis påverkar menneske klimaet, og kva kan vi gjere for å bremse global oppvarming?

Tverrfagleg arbeid

Ved å lære om klima frå naturfag, om påverknadsmakt frå samfunnsfag, og ved å studere ordbruk og argumentasjonen i klimadebatten med kunnskap frå norsk og engelsk, vil du forstå meir av den viktige klimadebatten. Det vil hjelpe deg til å ta eit standpunkt, ta ansvarlege val og kanskje også bli inspirert til å kjempe for ei sak som er viktig for deg. Vi skal ta utgangspunkt i ei tenåringsjente som har klart å få heile verda til å lytte til bodskapen hennar.

Greta Thunberg

Kva gjer du når du brenn sterkt for ei sak og føler at ingen høyrer etter, eller at dei som bestemmer ikkje gjer nok? For svenske Greta Thunberg var løysinga å starte med skulestreik for klimaet. Ein fredag hausten 2018 stilte ho seg opp framfor den svenske Riksdagen med plakatar og flygeblad. I tillegg brukte ho Twitter og Instagram til å informere om aksjonen sin. 15-åringen sitt engasjement blei plukka opp av pressa, og snart var ho på alle framsider og i alle kanalar.

I desember 2018 talte Greta til verdsleiarane på FN sitt klimatoppmøte. Det var ingen audmjuk tenåring som stod på talarstolen. Ho var klar på at dei vaksne har svikta:

Så vi har ikkje kome hit for å be verdas leiarar om å ta vare på framtida vår. Dei har ignorert oss før, og dei vil gjere det igjen.

Vi er kome hit for å fortelje dei at forandringa kjem anten dei likar det eller ikkje. Folket vil ta utfordringa. Ettersom leiarane våre opptrer som barn, må vi ta ansvaret som dei burde tatt for lenge sidan.

Engasjementet møter motstand

På Greta si Facebookside er det stort engasjement. Der er det innlegg skrivne av alt frå barn og ungdom, til professorar og klimaforskarar som hyller innsatsen hennar for klimaet. Men Greta blir også utsett for hat og rykte: “Kan ein 16-åring verkeleg skrive slike talar?” “Ho må ha folk bak seg som bruker henne.” “Ho og familien gjer dette for å tene pengar.” I februar 2019 såg Greta seg nøydd til å skrive eit lengre innlegg der ho imøtegår rykta.

Greta gir ikkje opp, sjølv om hun møter motstand. Ho streikar framleis kvar fredag framfor den svenske Riksdagen. Ho seier ho vil halde fram til Sverige byrjar å kutte karbonutsleppa med 15 prosent i året. Skulestreiken for klimaet har no spreidd seg til fleire land, også til Noreg.

Det som starta som ein einsam protest frå ein 15-åring, har no vakse til eit verdsomspennande engasjement for klima. Korleis og kvifor skjedde dette? Kan det verkeleg føre til at ein 16-åring reddar klimaet?

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 19.02.2019