Vitamin B - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vitamin B

Vitamin B er nemninga på ei gruppe nærskylde vassløyselege vitamin som har kvar sine spesielle funksjonar i kroppen.

Dei ulike funksjonane

Nokre B-vitamin bidreg til å frigjere energi frå energigivande næringsstoff, mens andre er viktige for nerveimpulsane, for å produsere visse hormon og for å danne raude blodceller. Vitamin B er òg naudsynt for at enzym skal fungere optimalt, og for å kopiere arvestoffa ved celledeling.

Tiamin – vitamin B1

Tiamin – vitamin B1 er naudsynt for normal nervefunksjon og for å forbrenne karbohydrat. Dei fleste matvarene vi et, inneheld vitamin B1, særleg korn og kornprodukt. Personar som et lite (spesielt eldre), eller som har eit kosthald som er svært rikt på karbohydrat, kan få i seg for lite vitamin B1. Alkoholikarar er òg ei utsett gruppe, sidan vitamin B1 er naudsynt for at alkoholen skal kunne omsetjast i kroppen.

Riboflavin – vitamin B2

Riboflavin – vitamin B2 er naudsynt for å frigjere energi i cellene og for å omsetje protein og feittsyrer. Vitaminet er ofte bunde til protein, og dei beste kjeldene til vitamin B2 er mjølk, ost, kjøtt og belgfrukter. Vitamin B2 er svært ømfintleg for lys, og cirka 40 % av vitaminet går tapt under matlaging. Mangel på vitamin B2 gir diffuse symptom som sprekkar i munnvikene, sår tunge og tørr hud i ansiktet, men vitamin B2-mangel oppstår svært sjeldan.

Niacin – vitamin B3

Niacin – vitamin B3 er naudsynt for å bryte ned karbohydrat til glukose, for å omsetje energi og for å bygge opp feittsyrer. Vi finn vitaminet i proteinrike matvarer som kjøtt, fisk og belgvekstar. Kroppen kan i tillegg sjølv produsere mindre mengder niacin frå ei av dei essensielle aminosyrene.

Folat

Folat er naudsynt for at kroppen skal produsere og omsetje protein, for at raude blodceller skal modnast, for at kroppen skal danne DNA, og for at foster skal vekse og utvikle seg normalt. Folat minimerer risikoen for nevralrøyrsdefektar (oftast kalla ryggmergsbrokk). Sterkt grøne grønsaker, belgvekstar, sitrusfrukter og grove kornprodukt er gode kjelder til folat. Gravide kvinner og kvinner som planlegg å bli gravide, bør auke inntaket av dette vitaminet. I dei tre første månadene av svangerskapet er det tilrådd å ta folat-tilskot. Det er òg viktig at eldre tek tilskot av folat viss dei har eit einsidig kosthald og røyker og drikk alkohol.

Vitamin B12

Vitamin B12 må vere til stades når celler skal dele seg, og når arvestoffet skal kopiere seg. Det er òg naudsynt med vitamin B12 når kroppen skal danne raude blodceller og halde ved like nervesystemet. Vi får dette vitaminet berre gjennom animalske matvarer, som kjøtt, fisk, egg og meieriprodukt. Derfor kan eit reint vegansk kosthald føre til mangel på dette vitaminet.

Mangel på vitamin B12 rammar først og fremst celletypar som deler seg raskt og ofte, og dette gjeld særleg dei raude blodcellene. Blodmangel er derfor den viktigaste følga av vitamin B12-mangel. Karakteristiske symptom er at ein blir bleik, har dårleg matlyst, får andenaud og går ned i vekt. Ein kan òg få skadar på nervesystemet på grunn av vitamin B12-mangel, og desse skadane kan mellom anna føre til depresjonar og ustø gonge.

Skrive av Øyvind Bønes og Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019