Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kva kan du om distribusjon?

Her kan du svare på spørsmål i samband med temaet distribusjon av elektrisk energi.

Oppgåver

Spørsmål 1

  1. Forklar kva rolle Statnett, Enova og Nord Pool har i den norske kraftmarknaden.
  2. Lag ei skisse av Noreg, og teikn inn:

    • Sentralnettet
    • Regionalnettet
    • Lokalnettet
  3. Set opp spenningsverdiane på dei respektive netta.
  4. Kven eig dei forskjellige netta?

Spørsmål 2

Kva består straumrekninga av (kva må vi som forbrukarar betale for)?

Spørsmål 3

Les FSE (tryggingsforskrifta): Kva oppgåver og eigenskapar har "leiar for trygging" og "leiar for kopling"?

Spørsmål 4

Ved overføring av store mengder elektrisk energi bruker vi store høgspentmaster/-linjer. Mange er kritiske til dette. Korleis meiner du vi skal klare å overføre elektrisk energi utan særlege inngrep i naturen?

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2018

Læringsressursar

Kraftdistribusjon