Hopp til innhald

Fagstoff

Pressa: arena for demokrati

Etter 1814 blei pressa ein viktig opponent mot regjeringa sin politikk og ein viktig debattarena. Partipressa blei eit viktig talerør for dei politiske partia i perioden 1880 til 1970. Pressa i vår tid er politisk uavhengig og oppfattar seg sjølv som folket sitt talerør.

– Skal vi studere korleis demokratiet har utvikla seg i Noreg, må vi samstundes studere medieutviklinga. Desse har hengt uløyseleg saman, og gjer det framleis. – Eit demokrati treng eit offentleg rom, og her spelar media ei viktig rolle, seier professor Martin Eide.

Norsk demokrati veks fram

– I 1814 fekk vi vår eiga grunnlov og vårt eige demokrati. Det var viktig at ulike meiningar fekk kome fram, og det gjorde dei gjennom avisene. Opposisjonspressa – aviser som var usamde med dei som sat med makta – blei ein arena for debatt. Det var viktig at kritikk fekk kome fram og bli høyrd, det var det semje om, fortel Eide.

Utover 1800-talet dannar det seg reglar for korleis journalistar og redaktørar skal gjere jobben sin.
Redaktørane blir garantistar for kvaliteten på den informasjonen som kjem fram. Kjeldekritikk er viktig: Journalistar skal sjekke all informasjon før dei publiserer. Kjeldevern blir òg innarbeidd: Redaksjonane røper ikkje anonyme kjelder.

– Det som står i avisene, blir sett på som uttrykk for folkemeininga, og dette gjev redaksjonane stor makt, seier Eide. – Dei som styrer, har bruk for å vite kva folket meiner, og dei brukar pressa for å danne seg eit bilete av dette.

Partiaviser

Flyttar vi oss litt framover i tid, kjem vi til ein annan viktig fase i historia om norsk demokrati, nemleg kampen om parlamentarismen som spissa seg til fram mot 1884. Dei politiske debattane i denne perioden er prega av steile frontar. Politiske parti blir danna.

– Etter kvart blei det til at dei ulike partia eigde kvar sine aviser, og desse tok stilling i debattane. Partiavisene prega det norske mediebiletet heilt fram til 1980-talet.

Kommersiell mediedrift

Utover på 1980-talet vel dei fleste norske avisene å lausrive seg frå dei politiske partia. No blir dei sjølvstendige økonomiske einingar. Det er ikkje politiske parti som betalar for drifta lenger, avisene tener pengane sine først og fremst gjennom reklame, abonnement og laussal.

– Vi fekk ein overgang frå partipressa til setelpressa, seier Eide. – Og dette skapar ein annan kvardag for journalistane. Eigarane er opptekne av økonomisk gevinst, og dei forventar at stoffet skal selje. Media frigjer seg frå partia, men til kva?

Profesjonsvridd presse

– Journalistikken har utvikla seg mykje sidan lausrivinga frå partia. Redaksjonane har gått frå å vere politisk høgrevridde eller venstrevridde til å bli ”profesjonsvridde”. Journalistane er blitt proffe formidlarar med bestemte ideal.

Eide syner oss korleis desse ideala er knytte til demokratiske idear: Både i Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten er det lagt stor vekt på pressa si samfunnsoppgåve. Dette er pressa sine sjølvpålagde reglement. Her handlar det om den viktige oppgåva som media har som arena for samfunnsdebatten. Media skal vere ein arena der demokratisk aktivitet går føre seg. Her skal folk finne informasjon om viktige saker som dei som samfunnsborgarar treng å vere oppdaterte på. Her skal viktige diskusjonar få spalteplass eller sendetid.

– Journalistar i norske media er prega av eit avsløringsideal, forklarar Eide. – Dei som har makt i samfunnet, skal stillast til ansvar, og dersom dei gjer overtramp, er det oppgåva til pressa å avsløre dette og informere. Pressa er på folket si side, journalistane er hjelparar for den vanlege kvinne og mann.

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 23.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)