Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver – mediehistorie

Refleksjonsoppgåver til internasjonal mediehistorie. Oppgåvesettet kan ein bruke på ei heildagsprøve i mediehistorie.
Gutt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Alle revolusjonar har sine eigne årsaker og verknader. Men enkelte historikarar meiner at brå og omfattande endringar i media fører til endringar i heile samfunnsstrukturen. Leit fram eksempel som kan bekrefte denne hypotesen. Kva meiner du?
  2. «Folk har ikkje berre slutta å kjøpe desse gamaldagse tinga som ein kallar bøker, men til og med å lese dei!» Dette sa ein skotsk trykkar i 1844. Er han i ferd med å få rett? Kva meiner du om framtida for boka? Grunngi svaret.
  3. Edvard Murrow blei ein av dei mest respekterte radioreporterane under krigen. Søk opp nokre av reportasjane hans. Kva meiner du det er som gjorde dei så verksame?
  4. I 1910 var danske Nordisk Film det nest største filmselskapet i verda. Korleis var det mogleg for eit så lite land å oppnå dette, og kvifor er det annleis i dag?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)