Det store hamskiftet 1980–2000 - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Det store hamskiftet 1980–2000

På slutten av 1900-talet blei medieutviklinga styrt av den frie marknadsøkonomien. Monopolet på kringkasting blei oppheva, og nye kanalar som TV 2 og P4 blei etablerte. Avisene blei politisk fristilte og tabloidavisene voks sterkt.
Radiostasjonen P4 er på lufta for første gong. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Marknadsøkonomien tek over roret

I perioden 1980 til 2000 endra det norske medielandskapet seg totalt med omsyn til organisering og kven som eigde kva. Utviklinga i mediemarknaden blei påverka av den frie marknadsøkonomien.

NRK-monopolet blei oppløyst, og regjeringa gav konsesjon på kringkasting til nye, kommersielle fjernsyns- og radiokanalar som TV 2 og P4. Dei nye mediekanalane konkurrerte om senderettar og reklamekroner. Tradisjonstunge aviser kom i spel på børsen i ein stadig meir spekulativ mediemarknad.

Mange stader i Noreg voks det opp små og store radiostasjonar. I 1985 aksjonerte nærradioane for å få lov til å tene pengar på reklame.

Avisene blir fristilte

Også avisene gjekk gjennom eit hamskifte. I 1970- og 80-åra blei banda mellom dei politiske partia og pressa svekte og etter kvart heilt borte. For profesjonelle journalistar var plikta til å gje lesarane balansert informasjon viktigare enn å vere lojale mot standpunkta til eit bestemt politiske parti. På 1990-talet sette avisene seg som mål å vere partipolitisk uavhengige.

Mediehusa veks

Eigartilhøva i mediebransjen endra seg, og dei ulike media blei integrerte gjennom felles eigarar. Etter kvart samla eigarinteressene seg på færre hender, og vi fekk store mediehus med eigarinteresser i mange medium. Eit eksempel på dette er mediekonsernet Schibsted. Eigarkonsentrasjonen rydda grunnen for den mediekonvergensen som er eit særmerke for åra etter tusenårsskiftet.

Tabloidisering og infotainment

Dei nye radio- og TV-kanalane blei innhaldsmessig konkurrentar til NRKs "folkekringkasting" med fokus på nyheitsproduksjon, kulturformidling og folkeopplysing. Men når vi samanliknar dei kommersielle kanalane, er det lite som skil dei frå kvarandre når det gjeld innhald. Ein fellesnemnar er at dei opptrer som underhaldningskanalar med "noko attåt". Innhaldet er det vi kan kalle for infotainment.

Dei landsdekkjande tabloidavisene VG og Dagbladet auka kraftig, og med dei fekk vi ein ny type "skandalejournalistikk" som både var informativ og underhaldande.

Skrive av Marte Lindstad Næss og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.11.2017