Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Plankton

Plankton er små organismar som lever i vatn, og som driv med vasstraumen. Det finst dyreplankton og planteplankton, og alle desse planktonorganismane er viktig føde for andre organismar både i havet og i ferskvatn. Planteplankton i havet er jordas viktigaste produsentar av oksygen.
Dropeforma dyreplankton med fire beinliknande utvekstar og eit svart felt som minnar om eit auge. Foto.
Organisme med åtte bein og eit mørkt felt som minnar om eit hovud. Foto.
 To rekeliknande dyr som delvis er gjennomsiktige. Foto.
Gjennomsiktige kuler med grøne strukturar inni. Foto.

Føremål

I denne oppgåva skal de samle inn og studere plankton.

Plankton driv med straumen

Sjølv om dei fleste planktonorganismar kan symje eller bevege seg på annan måte, klarer dei ikkje å overvinne straumdrag i vatnet, og dei driv derfor ukontrollert av stad.

Planktonblomstring

Planteplankton er marine og er utbreidde i alle hav. Gruppa blir òg kalla fytoplankton, og algecellene varierer i storleik frå omtrent 2 til 200 µm (1 µm = 0,000001 m = 0,001 mm).

Algane bruker sollys, vatn og oppløyst karbondioksid til fotosyntesen, men er òg avhengige av næringsstoff som blir tilførte frå nedre lag i havet. Når lysstyrken aukar om våren og havet har fått tilført næring frå djupare område, startar planteplanktonet primærproduksjonen og aukar kraftig i tal. Havet kan bli misfarga av dei enorme mengdene av ørsmå planteceller som blir danna.

I næringsrike hav, slik som i Nordsjøen, har vi årlege blomstringar av planteplankton om våren og om hausten, slik som figuren under viser. I tropiske hav, som er relativt næringsfattige, manglar sykliske blomstringar av planteplankton.

Planteplankton er i sin tur næring for dyreplankton (zooplankton), som vanlegvis aukar i tal nokre veker etter at planteplanktonet har nådd maksimumet sitt. Både plante- og dyreplankton er svært viktige næringsorganismar for fiskeyngel og andre organismar i havet. Utan plankton hadde ikkje næringsnetta i havet fungert. Marint planteplankton er dessutan jordas viktigaste produsentar av oksygen.

Framgangsmåte

Planktonhåv. Foto.

Kor mykje plankton som til kvar tid finst langs kysten vår, avheng mellom anna av årstid og vêrforhold.

  1. For å samle plankton bruker de ein planktonhåv som blir taua etter ein båt eller trekt frå land.
  2. Tauet som planktonhåven heng i, bør vere minst 20 meter langt, gjerne endå meir. Pass på at de festar tauet i båten eller har ei dobbe i enden av tauet, slik at de ikkje mistar håven. Dersom de ikkje bruker båt, kan håven alternativt trekkast over ei bukt eller frå ei brygge inn mot land. Pass òg på at håven blir taua langsamt og jamt, helst i område der vêr og vind har pressa plankton mot land, slik som inne i ei bukt med svak pålandsvind.
  3. Tau håven i 5–10 minutt før han blir halt opp.
  4. Når tauinga er unnagjord, skal håven vrengast og silen tømmast (eventuelt skyljast) ned i ein plastbehaldar eller plastbakke.
  5. Gjenta innsamlinga fleire gonger dersom de ikkje får inn mykje plankton i det første trekket.
  6. Studer planktonprøvane med lupe. Det kan vere lurt å sile prøven gjennom eit silsett som sorterer cellene etter storleik. Deretter kan prøvene fikserast på 70 % sprit, slik at dei seinare kan studerast i klasserommet.
  7. Identifiser kva for nokre systematiske klassar planteplanktonet høyrer til, slik som kiselalgar, grønalgar og flagellatar. Prøv å identifisere nokre av planktonorganismane.

Til ekskursjonsrapporten

  • Beskriv planktonhåven og metoden de brukte for å samle inn plankton.
  • Beskriv området de samla inn prøvar frå, og få med vindretning, vindstyrke og vassfarge.
  • Lag ei liste over dei planktongruppene de klarte å identifisere. Kan de finne ut noko om storleiken på nokon av planktonorganismane?
  • Forsøk å setje planteplankton inn i eit teoretisk og forenkla næringsnett.

Ta mikroskopbilete med mobiltelefonen

Ved å halde mobiltelefonen eller eit digitalkamera i passande avstand frå okularet på mikroskopet kan de ta skarpe bilete.

For å fiksere avstanden kan de bruke ein dorull eller liknande. Prøv deg fram for å finne den riktige avstanden.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Havet