Frå lysenergi til kjemisk energi
I fotosyntesen blir karbondioksid (CO2) og vatn (H2O) omdanna til glukose (druesukker) (C6H12O6) og oksygen (O2) ved hjelp av energi frå sollys.
Fotosyntesen blir vanlegvis forbunde med grøne plantar og algar, men enkelte bakteriar kan og utføre fotosyntese. Sidan energien til å drive fotosyntesen kjem frå sola kan ein seie at:
All energi som er lagra i plantar kjem frå sola, og er dermed fornybar energi.
Vi er avhengige av energi og oksygen frå plantene
Fotosyntesen finn sted inne i planteceller i spesielle organellar som kallast kloroplastar. Det er desse organellane som gir grønfarge i plantematerialet. Organismar som kan lage sine eigne energirike forbindingar kallast autotrofe organismar.
Dyr, menneske, sopp og andre organismar som ikkje driv fotosyntese, er avhengige av dei energirike forbindingane som plantane lagar i fotosyntesen. Sjølv om vi berre et kjøtt, har energien vi får frå kjøttet komme frå plantar. Organismar som er avhengige av å få energi frå andre kallast heterotrofe organismar.