Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver til Karbon

Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet Karbon bygger opp verda.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Dra og slepp omgrepa til rett plass

Oppgåve 3. Øvingsoppgåver

  1. Sjå deg rundt der du er no. Kva inneheld karbon? Er det noko som ikkje inneheld karbon?
  2. Kvifor finst karbon i så mange stoff og materiale?
  3. Gi døme på sambindingar som berre består av karbon.
  4. Forklar kva vi meiner med organiske stoff.
  5. Nokre karbonsambindingar blir rekna som uorganiske. Gi døme på slike samband.
  6. Kva meiner vi med havforsuring? Kva er problemet med denne prosessen?
  7. Kva er plast?
  8. Kva er ein polymer? Gi døme på både syntetiske og naturlege polymerar.
  9. Kva problem kan plast føre til?
  10. Kva er meint med mikroplast? Kvar kjem mikroplasten frå?
  11. Kva kjenneteiknar hydrokarbon? Gi døme.

Oppgåve 4. Følg eit karbonatom gjennom krinsløpet

Ta utgangspunkt i eit karbonatom i eit stivelsesmolekyl i eit dødt blad. Beskriv og forklar den vidare "reisa" for dette karbonatomet vidare i krinsløpet til karbonet.

Oppgåve 5. Havforsuring – dra og slepp

Oppgåve 6. Lag samandrag

Oppgåve 7. Forklar korleis havforsuring går føre seg

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023

Læringsressursar

Karbon