Hopp til innhald

Fagstoff

Surare hav

Havet tar opp store mengder karbondioksid frå lufta. Dette er ein heilt naturleg prosess, men auka utslepp av karbondioksid fører til større opptak og surare vatn.

Karbondioksid og vatn blir kolsyre

Karbondioksid som er i atmosfæren blir løyst opp i vatn. Karbondioksid reagerer med vatn, og dannar karbonsyre (kolsyre). Karbonsyra gjer at det blir høgare konsentrasjon av hydrogenion i vatnet.

Hydrogeniona kan reagere med karbonation. Karbonat er det stoffet som kalklevande organismar må ha for å kunne lage skalet eller skjelettet sitt. Viss dei taper kampen om karbonat, vil dei ikkje kunne bygge skal som beskytter dei godt nok mot omgivnadane.

Reaksjonslikninger som viser at karbondioksid fra lufta løses opp i vann og danner karbonsyre. Karbonsyra gjør at pH i havet synker slik at kalkskall til dyr blir deformerte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsuringa aukar med CO2-konsentrasjonen i atmosfæren

Opptak av CO2 i vatn er ein naturleg prosess, men opptaket aukar i takt med auka utslepp av CO2. Dei siste 200 åra har verdshava i gjennomsnitt blitt 27 % surare i overflata.

Havet er surare om vinteren enn om sommaren. Kvifor er det slik, trur du?

I havet lever det store mengder algar som driv fotosyntese. Om sommaren er det god tilgang til lys, og algane veks mykje. I denne prosessen tar algane opp CO2, og dannar oksygen og druesukker. Dermed blir CO2-konsentrasjonen halden nede.

Om hausten og vinteren skjer den motsette prosessen. Det er minimalt med fotosyntese, så forbruket av CO2 blir kraftig redusert. Dei fleste algane døyr og blir brotne ned. Dette frigir CO2, og mengda CO2 i vatnet aukar.


Snigel i vatn på svart bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arktiske økosystem er spesielt utsette

Havområda i nord er spesielt utsette for auka forsuring. Ulikt mange andre stoff, løyser karbondioksid seg lettare i kaldt vatn enn i varmt vatn.

Organismar som dannar kalkskal er sårbare når pH-verdien søkk. Dette gjeld til dømes kråkebollar, korallar, hummar, sniglar og muslingar.

Vengesniglane er ei gruppe som er ei viktig næringskjelde for mange andre artar. Den er ein i arktiske havøkosystem. Vengesnigelen har eit skal laga av kalk, og er derfor sårbar for endring i surleiksgrad.

Nærbilete av korall. Foto.

Arktiske økosystem er mykje enklare enn økosystem i tropiske område. Arktiske artar som forsvinn, vil ha stor innverknad på økosystema her.

Korallrev er noko vi gjerne assosierer med tropiske område, men det finst mange korallrev langs norskekysten også. Korallreva er viktige leveområde for andre organismar. er spesielt talrike, men også fiskeartar som uer og brosme.

Finst det korallar i nærleiken av der du bur?

Miljødirektoratet har laga eit kart som viser førekomst av korallar langs kysten av Noreg. Viss du bur ein stad langs kysten, kanskje du kan finne korallar i nærleiken av der du bur?

Kart over korallførekomst på norskekysten frå miljødirektoratet.no

Oppgåver

Jobb vidare med havforsuring i ressursane under:

Kjelder

Bjerknessenteret. (2019, 25. september). Havforsuring. Henta frå https://www.bjerknes.uib.no/artikler/faktasider/havforsuring

Havforskningsinstituttet. (2019, 12. desember). Tema: Norske korallrev. Henta frå https://www.hi.no/hi/temasider/hav-og-kyst/norske-korallrev

Miljødirektoratet. (2019, 6. desember). Forsuring av havet. Henta frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/hav-og-kyst/forsuring-av-havet/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2019

Læringsressursar

Karbon