Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Undersøk samanhengen mellom eigenskapar og kjemiske bindingar

Føresei bindingstypane i stoff basert på observasjonar av fysiske eigenskapar.
Ein elev heller salt i eit målebeger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette forsøket skal du undersøkje fysiske eigenskapar hos stoff – som smeltepunkt, løyseevne og leiingsevne. På bakgrunn av det du finn ut, skal du prøve å klassifisere stoffa som anten ionebindingar eller molekyl.

Utstyr
  • analysebrett
  • gassbrennar
  • instrument for å måle leiingsevne
  • kokering
  • stativ med muffe og klemme
  • tjukke hanskar
  • aluminiumsfolie
  • eingongspipettar
  • kalsiumklorid, CaCl2
  • kaliumjodid, KI
  • natriumklorid, NaCl
  • ibuprofen, C13H18O2
  • sukrose, C12H22O11
  • paracetamol, C8H9NO2
  • etanol, C2H5OH
  • heksan, C6H14
Analysebrett med groper til analyse av ulike stoff. Illustrasjon.

Risikovurdering

Bruk sikkerheitsdatablada for dei ulike stoffa du bruker, og vurder dette:

  • eigenskapar ved stoffa du skal jobbe med
  • faremoment når du gjennomfører forsøket
  • spesielle tiltak
  • avfallshandtering

Relatert innhald

Stativ med kokering og gassbrennar. Illustrasjon.

Framgangsmåte

  1. Brett aluminiumsfolien dobbelt, og legg han oppå kokeringen. Set gassbrennaren under.
  2. Juster kokeringen slik at flammen på gassbrennaren er like under aluminiumsfolien.
  3. Ta nokre krystallar av kvart stoff, og fordel dei utover på aluminiumsfolien. Pass på at du ikkje blandar stoffa.
  4. Tenn gassbrennaren, og observer når dei ulike stoffa byrjar å smelte.
  5. Avslutt etter 2 minutt. Om nokon av stoffa ikkje smelta, registrerer du det.
  6. Legg nokre krystallar av kvart av dei kvite stoffa i den øvste rada på eit analysebrett. Gjenta for neste rad òg.
  7. Tilsett 10 dropar vatn til kvar brønn i den øvste rada. Observer om nokon av stoffa løyser seg opp.
  8. Tilsett 10 dropar etanol til kvar brønn i rada under. Observer om nokon av stoffa løyser seg opp.
  9. Mål leiingsevna til stoffa ved å senke begge elektrodane ned i kvar brønn på analysebrettet. Skyl og tørk elektrodane kvar gong du skal undersøkje eit nytt stoff.

Resultat

stoff

smeltepunkt

Løyseevne i vatn

Løyseevne i heksan

leiingsevne

kalsiumklorid

kaliumjodid

natriumklorid

ibuprofen

sukrose

paracetamol

Konklusjon

  1. Sorter stoffa de har analysert, i to grupper basert på fellestrekk de har funne.
  2. Kva fellestrekk er dette?
  3. Avgjer kva gruppe som består av ionebindingar, og kva for ei av dei som består av molekyl.
  4. Kva type binding er det mellom molekyla?

Relatert innhald

CC BY-NC-SARettshavar: Libretexts
Sist fagleg oppdatert 29.08.2019

Læringsressursar

Karbon