Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv ein fagartikkel om plast

Skriv ein fagartikkel der du drøftar problemstillinga "Plasten – ven eller fiende?" Du skal øve på kva dei ulike delane av ein fagartikkel skal innehalde ved å byggje opp avsnitt og skrive akademisk.

Dette er ei oppgåve som er fin å ta fatt på etter at du har fått ein del kunnskap om plast. Du bør kjenne noko til

  • plasten si historie
  • kvifor vi bruker plast – altså kva som er fordelane til plasten
  • problematiske sider ved plast

Tips! Hugs å notere ned kjeldene du finn når du les om emnet. Desse kan du få bruk for i skriveoppgåva.

Del 1: Idémyldring

Før du set i gong med skrivinga, bør du alltid setje av tid til idémyldring. Det er i denne fasen du skal skrive ned alle ideane og kunnskapen du har om emnet. Problemstillinga du skal drøfte, er altså denne:

Plasten – ven eller fiende?

  1. 15 minutt aleine: Del eit ark eller eit dokument på PC-en i to. Skriv "ven" øvst på den eine sida og "fiende" på den andre. Skriv ned all kunnskapen du har om plast her. Informasjon og argument som viser at plasten er problematisk, skriv du under "fiende", medan du skriv fordelar med plasten under "ven".
  2. 15 minutt i grupper: Gå saman i par eller grupper. Gå gjennom alt de har skrive ned. Pass på å notere undervegs. Du får mykje god kunnskap og nye idear av å lytte til andre.
  3. 30 minutt i plenum:

    • Skriv ned alle argumenta dei ulike gruppene har på tavla. Hugs å halde fram med å dele dei inn i "ven" eller "fiende".
    • Diskuter i fellesskap: Kva for nokre av desse argumenta er dei viktigaste? Sett eit tal framfor argumenta som viser korleis de vektar dei.

    Når dette arbeidet er ferdig, må du passe på å ha skrive ned alt som står på tavla. Dette skal vere arbeidsdokumentet ditt undervegs i skrivinga.

Del 2: Lag eit godt avsnitt

Mange set i gong med innleiinga når dei skal skrive fagartikkel. Men det er mykje lurare å starte på hovuddelen. Spar heller innleiing til sist, for du kan jo ikkje presentere hovuddelen før han er skriven?

Vi startar altså med å skrive eit avsnitt i hovuddelen. No skal de øve på å skrive akademisk. Det vil seie at du skal

  • skrive objektivt
  • vise til ei kjelde i avsnittet ditt

Del 3: Skriv resten av hovuddelen

No har du lært korleis du kan byggje opp eit avsnitt i ein fagartikkel. Bruk prinsippa du har lært her til å skrive ferdig hovuddelen i fagartikkelen din.

Hugs på:

  • Drøft. Same kva du meiner om problemstillinga, må du vise innsikt i begge sider av saka. Oppgåva ber deg om å drøfte, og det betyr at du skal sjå saka frå ulike vinklar.
  • Kunnskap er makt! Bruk mest mogleg av kunnskapen de skreiv opp på tavla i idémyldringsfasen. Søk på Internett og finn pålitelege kjelder og forsking som kan støtte synet dykkar.
  • Forsking kan vere forvirrande. Av og til kan du kome over forsking som er motstridande. Vis fram denne ueinigheita i artikkelen din. Gå òg saman i grupper og diskuter kva som kan vere årsaka til ueinigheita.

Del 4: Skriv det første avsnittet i hovuddelen

Ein fin måte å strukturere fagartikkelen på kan vere denne:

  1. innleiing
  2. kort innføring i emnet
  3. hovuddel (drøfting)
  4. avslutning

No skal du skrive avsnittet som heiter "kort innføring i emnet". Det vil seie at du kort skal gi innsikt i kva plast er, og kvifor plasten dei siste åra har blitt sett på som problematisk.

Modelltekst

Eit døme på "innføring i emnet" til problemstillinga "Skal vi forby flyreiser?"

Den første motoriserte flyreisa blei gjennomført på starten av 1900-talet av brørne Wright. Den gongen var det ei bragd. Men i dag er flyreiser sjølvsagt for mange menneske i Vesten. Det er praktisk å fly, sidan vi kan flytte oss over store avstandar på kort tid. Og i det globaliserte samfunnet vi har i dag, er det noko vi har behov for. Vi bruker fly både til fornøyelsar og jobb. Men dei siste åra har vi blitt meir observante på dei problematiske sidene ved å fly. Det er ingen tvil om at flyreiser har del i klimakrisa. Dermed har flyglede i stor grad blitt erstatta med "flyskam".

Legg merke til orda i kursiv. Det er småord som skaper språkleg flyt. Prøv å få til dette heile tida medan du skriv.

Del 5. Skriv innleiinga

Del 6: Skriv avslutninga

Del 7: Sluttfør fagartikkelen

Før du leverer fagartikkelen, bør du følgje desse råda:

  1. Les godt gjennom teksten. Det er ein fordel om du les han høgt for deg sjølv. Då vil du lettare oppdage dårlege setningar eller mangelfull samanheng.
  2. Spør ein medelev om de kan lese tekstane dykkar for kvarandre. Sei at du både vil ha ros og ris. Hugs at du lærer av tilbakemeldingar om korleis du kan forbetre deg. Det er òg viktig at du gir konstruktive tilbakemeldingar til medelevar.
  3. Rett opp etter tilbakemeldingane til medeleven.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2020

Læringsressursar

Karbon