Hopp til innhald

Fagstoff

Bølgjefenomen

Vi har sett på ein viktig bølgjeeigenskap, nemleg at det er sjølve forstyrringa som breier seg i ei bølgje, ikkje materialet. På denne sida kan du sjå fleire spesielle eigenskapar ved bølgjer.

Bølgjer blir reflekterte

Teikning av rettlinja bølgjer som blir reflekterte av ein vegg. Illustrasjon.

Dersom du ser på bølgja i ein dråpe som startar i ei skål, ser du at ho går fram og attende nokre gonger mellom sentrum og veggen før ho døyr ut. Dersom ei bølgje møter ein vegg, blir ho reflektert attende, men dersom ho kjem inn på skrå mot ein vegg, skiftar ho retning på same måte som ein ball og ein lysstråle gjer. Både partiklar og bølgjer følgjer refleksjonslova.

innfallsvinkel = refleksjonsvinkel

Ei bølgje kan gå rundt hjørne

Ei rettlinja bølgje passerer ei smal spalte og bøyer av rundt hjørna. Illustrasjon.

I vatn kan vi observere at bølgjene har ein tendens til å bøye av bak ein holme, ein molo eller liknande. Dette er bøying, slik du ser på biletet.

Det er dette som gjer at du kan høyre lyd sjølv om du står bak eit hjørne. Lyd er bølgjer som bøyer seg rundt kantar og fyller ut heile rommet.
Kva ville ha vore ulikt dersom lyd hadde vore partiklar?

Bølgjer overlagrar

Nedanfor kan du sjå ein modell av to bølgjer med motsett retning. Studer kva som skjer når dei møtest og passerer kvarandre.

Bølgjene endrar seg ikkje etter at dei har passert kvarandre. Legg merke til at utsvingane for dei to bølgjene blir lagt saman når dei er på same stad. Det er dette vi kallar overlagring.

Tenk over

  • Kva skjer når bølgjene har utsving motsett veg?
  • Er overlagring mogleg for partiklar? – I så fall skulle to bowlingkuler kunne kollidere og gå gjennom kvarandre utan at farten blei endra.

Bølgjer kan lage interferensmønster

To bølgjer møter kvarandre og dannar eit fint mønster. Illustrasjon.

Figuren viser to punkt som sender ut like bølgjer. Det kan til dømes vere to høgtalarar som sender ut heilt like lydbølgjer.

Vi ser eit mønster av bølgjetoppar og bølgjebotnar (striper av lys og mørk farge). Det er sektorar der lyden svingar kraftig mellom bølgjetopp og bølgjebotn, men mellom desse sektorane er det diffuse soner der det ikkje svingar i det heile teke!

Dersom dette er lyden frå to høgtalarar, og vi går på tvers langs ei rett linje i biletet, vil vi vekselvis høyre sterk lyd og ingen lyd. Dette fenomenet kallar vi interferens og er eit karakteristisk mønster som oppstår når bølgjer overlagrar.

Interferens ser vi hos alle typar bølgjer; vassbølgjer, lydbølgjer og ja, også lysbølgjer!

Prøv bølgjer i praksis

To og to held i kvar sin ende av eit langt, tjukt tau.

  1. Begge sender kvar si vertikale bølgje samtidig. Kva skjer når bølgjene møtest og passerer kvarandre?
  2. Den eine sender av garde ei vertikal einskildbølgje på tauet, medan den andre sender av garde ei horisontal einskildbølgje. Korleis går det når desse møter kvarandre? Og kva kjem til å skje med dei etterpå?
CC BY-SASkrive av Astrid Johansen.
Sist fagleg oppdatert 17.07.2018

Læringsressursar

Lys, lyd og bølgjefenomen