Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du frå før om religion og etikk?

Kva kan du frå før om tema som religion, livssyn, etikk og filosofi? Og kvifor er det viktig å kunne noko om slike tema?
Kvinne som ser tankefull ut og held ein hårlokk under nesa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reflekter og noter stikkord individuelt i 10 minutt. Diskuter i grupper eller i plenum etterpå.

  1. Kva hugsar du best frå KRLE-faget i grunnskulen? Nemn tre eksempel, og reflekter over kvifor du hugsar dette spesielt godt.
  2. Noter så mange ulike religionar du kan, på 30 sekund. Ta tida på deg sjølv.
  3. Det er nyttig å kunne noko om tema som religion, livssyn, etikk og filosofi også i andre fag. Prøv å komme på tre argument for denne påstanden.
  4. Det er nyttig å kunne noko om tema som religion, livssyn, etikk og filosofi for å kunne vere ein aktiv og reflektert borgar i eit demokratisk samfunn. Prøv å komme på tre argument for denne påstanden.
  5. Trur du det er viktigare med slik kunnskap i dag enn det var for hundre år sidan? Grunngi svaret.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022

Læringsressursar

Om faget