Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadskommunikasjon

Marknadsføring skjer stort sett i kommersielle bedrifter som skal tene pengar på eit produkt eller ei teneste. Det er likevel vanleg at ikkje-kommersielle aktørar, som velgjerande organisasjonar og politiske parti, også jobbar marknadsorientert.
Gordon Brown på politisk plakat. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både velgjerande og politiske organisasjonar bruker marknadsorienterte tiltak for å nå fram med bodskapen sin. Føremålet til desse aktørane er ikkje nødvendigvis å tene pengar, men heller å endre haldningar og skape merksemd rundt ei sak. Då går marknadsføringa over i kommunikasjonsretta arbeid. Dette kallar vi gjerne marknadskommunikasjon.

Stopp og tenk!

Politiske parti tek gjerne i bruk marknadsføringstiltak for å vekkje merksemd rundt ei sak eller i valkampanjar.

Kva for eksempel har du sett på politisk marknadskommunikasjon i Noreg?

Marknadsføring og kommunikasjonsverksemd = marknadskommunikasjon

Ein organisasjon som skal vere konkurransedyktig, anten han er kommersiell, offentleg eller ideell, kan ikkje berre nøye seg med å ha gode produkt, riktig pris og god distribusjon. Han må også kommunisere med målgruppene sine, både noverande og framtidige. I marknadskommunikasjon blir det derfor brukt verkemiddel frå både marknadsføring og kommunikasjonsverksemd.

Viktige fagomgrep

  • Marknadsføring handlar om å planleggje alt frå distribusjon til aktivitetar der hensikta er å stimulere til kjøp eller ei bestemt handling og tilfredsstille kunden sitt behov.
  • Kommunikasjonsverksemd er arbeid som ein ønskjer å oppnå noko bestemt med gjennom å spreie ein viss type informasjon. Målet er ikkje nødvendigvis auka lønnsemd.
  • Marknadskommunikasjon tek i bruk verkemiddel frå både marknadsføring og kommunikasjon ved at ein er oppteken av å ha ein tovegs kommunikasjon med kunden samtidig med at ein planlegg for å auke salet av eit produkt eller ei teneste.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper