Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva bokstav i kva frekvensområde?

Ta opp lyden av isolerte bokstaver og undersøk frekvensområdet for den einskilde bokstaven.
Lyd. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Førearbeid: Finn ein tekst du kan lese, og vel utstyr du kan ta opp lyd med, for eksempel datamaskinen eller mobilen din.
  2. Opptak: Les teksten sakte mens du tek opp. Ta gjerne opp tre versjonar og vel den beste. Om du har høve til å ta opp med ekstern mikrofon, er det sikkert lurt å gjere. Etter å ha lese teksten skal du lage lyden av nokre isolerte bokstavar: S, F, T, P, A, Æ, I, O.
  3. Redigering: Mest sannsynleg kan lydprogrammet du bruker på maskinen din, vise frekvensspekteret på opptaket du gjer. Viss ikkje det kan det, kan du for eksempel laste ned ein gratis-app til telefonen din.
  4. Etterpå: Finn ut kva frekvensområde den einskilde bokstaven finst i. Er det skilnad på vokalar og konsonantar? Er det nokre særskilde frekvensområde som er viktige å framheve for å forstå kva som blir sagt? Samanlikn med opptaket av dei isolerte bokstavane med opptaket av tekstopplesinga.
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2017

Læringsressursar

Lydteori