Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bygg eit lydbilete til filmen

Kan du styrkje og lage spenning og stemning i denne filmen med hjelp av lyd?

Studer filmen nøye, og bruk det du har lært om å byggje lydbilete til å forsterke det visuelle som skjer i filmen.

A) Bygg opp eit lydbilete som passar til dette miljøet

Du kan

  • bruke musikk for å skape ei grunnstemning
  • bruke stereoeffekt som støttar rørsla til personen
  • bruke lydeffektar for å gjere publikum betre kjende med figuren på husveggen
  • velje om du vil gjere eigne opptak av lyd, eller om du vil bruke lydeffektar frå eit lydbibliotek

Resultatet skal ikkje publiserast, så du står fritt til å bruke andre sin musikk og lydeffektar som du vil.

B) Lytt og diskuter

  • Lytt til kvarandre sine ulike løysingar.
  • Diskuter dei ulike løysingane opp mot kvarandre.
  • Fortel kvarandre kva som inspirerte mest.
  • Del gjerne med klassen til slutt.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2019

Læringsressursar

Lydteori