Hopp til innhald

Fagstoff

Equalizeren

Med ein equalizer, eller jamstillar, endrar du frekvensområde i eit lydopptak. Det er eit nyttig verktøy når du skal redigere opptak av stemmer, for eksempel fjerne støy.

Dersom du ønskjer å forsterke eller redusere ulike frekvensområde i eit lydopptak, kan du gjere det med ein equalizer (på norsk: jamstillar). Ein equalizer (EQ) er altså ein slags volumkontroll for ulike delar av frekvensspekteret.

Du kan ikkje gjere ein diskantlyd om til ein basslyd, eller ei kvinnestemme om til ei mannsstemme. Men du kan justere dei lydane som er der, og hente fram eigenartar i dei lydane du bruker. Du kan også dempe uønskte element, som for eksempel støy.

Det finst ulike typar equalizerar, men i denne samanhengen bruker vi ein paragrafisk EQ.

Ulike typar equalizerar

  • shelving EQ
  • grafisk EQ
  • parametrisk EQ
  • paragrafisk EQ

Paragrafisk EQ

Ein paragrafisk EQ har punkt der du kan justere klangfargen. Punkta består i all hovudsak av tre kontrollar eller parametrar:

  • kva for område du vil jobbe med
  • kor mykje du skal heve eller senke dette området
  • kor breitt området skal vere

Å rydde i eit stemmeopptak

Skal du rydde opp i stemmopptak, kan du fjerne dei djupe frekvensane som ligg under og er djupare enn stemma sitt register. For å få til det aktiverer du eit filter som heiter low cut eller high pass – nemninga varierer mellom equalizerar – og justerer kontrollane slik at du fjernar uønskt bass som ikkje stammar frå stemma.

Konsonantar som s, f, k og t tilhøyrer eit frekvensområde som ikkje alle mikrofonar tek opp like tydeleg. Dette kan du kompensere for ved å justere på EQ-en i diskanten.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori