Hopp til innhald

Fagstoff

Bakgrunn og framgrunn i lydbiletet

Som i eit fotografi kan også eit lydbilete ha element plassert i framgrunn og bakgrunn. Men kva er det som gjer at vi opplever det som at nokre lydar er nære og nokre lenger unna? Og har vi moglegheit til å bestemme plasseringa sjølve, ved å flytte element framover eller bakover i lydbiletet?
Oppgåver til filmklippet over
  1. Når i prosessen blir effektlydar lagde inn i ein film?

  2. Forklar kva ein nær lyd er.

  3. Forklar forskjellen på framgrunn og bakgrunn i lydbiletet.

  4. Kva veit du om atmosfære?

  5. Kva for ein lyd bør du leggje først i eit lydprosjekt?

  6. Korleis kan du vende merksemda til lyttaren mot ei handling i bakgrunnen?

Å byggje opp lydbiletet

Du seier kanskje at det lydopptaket du gjorde på filmsettet, fungerer greitt nok, og det kan jo vere tilfelle. Men om du ønskjer eit lydbilete som kan vere med på å fortelje, kan du designe di eiga lydside som uttrykkjer det du vil.

I alle spelefilmane og TV-seriane du ser, er så å seie all lyd etterkonstruert. Det er ikkje ein dørsmekk eller eit fotsteg som stammar frå opptaket. Alt av pust, rørslelydar i klede, papir som blir krølla, pistolar som blir lada, alt er lagt på i etterkant.

Det å formidle kva nokon seier, er ei av dei viktigaste oppgåvene til lydsida. Men lyd bidreg også som eit viktig fortelje-element utan å bruke verbalspråket.

Lyd som driv forteljinga framover

Lydar som blir brukte som fortelje-element utan at det er verbalspråkleg, er

  • dynamiske
  • nokså korte
  • ganske tydelege
  • bringar handlinga framover
  • framhevar karakterane sine rørsler og gjeremål
  • bringar merksemda til tilskodaren mot karakterane og intensjonane deira

Lyd som bakteppe

Lydar som stammar frå kjelder som er lenger unna, er

  • langstrekte
  • ikkje så dynamiske
  • skiftar ikkje så ofte
  • fattigare på diskant
  • ofte atmosfærar
  • som regel i stereo

Å byggje lydbiletet

Atmosfærar og andre langstrekte lydar dannar bakteppet i lydbiletet. Når du skal byggje opp eit lydbilete, anten det er til ein film, ei lydhistorie, eller det er til eit radioprogram, er det smart å begynne med å leggje inn bakgrunnen først. Han fungerer som eit teppe du kan leggje dei andre lydane på.

Så fort du får på plass ein atmosfære, vil du truleg oppleve at kontinuiteten er der allereie. Det vil vere lettare å finne rett plass til handlingslydane du legg oppå, så lenge du har noko å leggje dei på.

For å gjere det enkelt for deg sjølv kan du leggje ein gjennomgåande atmosfære først. Om det er den atmosfæren som endar opp på det ferdige produktet, spelar mindre rolle.

Eit barn på ski som kryp gjennom bøyel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når handlingslyden ligg i bakgrunnen

Så langt har vi sagt at nære lydar gjerne er knytte til rørsler som går føre seg nært i biletet. Det er mykje sanning i det, men det finst også andre måtar å gjere det på.

Om vi ønskjer at handlinga skal gå føre seg ved eit punkt eit stykke bak i biletet, kan merksemda bli leidd til dette området om vi lydlegg hendingane nettopp på denne staden.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Lydteori