Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lyden av ein mordar: Kven drap Sir Earnest?

Sir Earnest har invitert gamle vener til ein stor fest på slottet sitt. Det heile går føre seg i hyggelege former, heilt til Sir Earnest blir offer for eit grufullt mord! Avslør mordaren ved hjelp av skåling og klirring i glas.
Filmscene frå bibliotek der dei mistenkte i ei krimgåte er samla. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven drap Sir Earnest?

Det som ser ut til å bli ein hyggeleg kveld, ender altså opp som eit grufullt mordmysterium. Fordi Sherlock Holmes er oppteken denne kvelden, må du leie etterforskinga og løyse saka.

Det er få spor å ta utgangspunkt i. Sir Earnest hadde rett nok eit gammalt video-overvakingsanlegg, men det var ute av funksjon. Det einaste som finst, er nokre lydopptak frå kveldens festlege (og etter kvart fælslege) hendingar.

I denne filmen får du ei lita oppsummering av kva som har skjedd:

Avslør mordaren med akustikk

Under ligg lydopptaka frå kvelden. Dei inneheld lyden av glasa til nokre av gjestane. I det siste lydklippet høyrer vi at éin av gjestane kjem tilbake for å skåle (og drepe!) Sir Earnest.

Lyden av glaset til Mr Bennet

0:00
-0:00

Lyden av glaset til Mr Bingley

0:00
-0:00

Lyden av glaset til Mr Darcy

0:00
-0:00

Mordaren skåler med Sir Earnest

0:00
-0:00

For å avsløre mordaren treng du lydredigeringsprogrammet Audacity. Finn ut om du har tilgang til programmet, via programvaresenteret i fylket eller liknande.

Du kan òg laste ned programmet gratis på nett:
nedlasting av Audacity

Analyser lydfilene i Audacity

  1. Last ned filene på datamaskinen din. Gi dei nye namn, slik at du klarer å halde orden på dei mistenkte.
  2. Opn éi og éi fil i Audacity.
  3. Marker den delen av lydsporet som inneheld skålinga.
  4. Vel Analyser og deretter Tegn spektrum…
  5. Eksporter som .txt-fil.
Skjermdump av analyse av lydspor i lydredigeringsprogrammet Audacity. Foto.

Lag diagram i rekneark

  1. Opn .txt-fila i Notisblokk eller liknande. Kopier alle verdiane, og lim dei inn i eit rekneark. (Eventuelt kan du importere tekstfilene når du er inne i reknearket.) NB! Viss du bruker Audacity i engelsk språkversjon, må du søke og erstatte på alle verdiane, slik at tala får komma i staden for punktum som desimalskiljeteikn (til dømes frå 23.456 til 23,456).
  2. Kopier og lim inn lydnivå (dB) frå dei andre lydfilene saman med den lydfila du starta med. No har du ei oversikt over frekvens og lydnivå for mordscena og alle dei mistenkte i same ark.
  3. Opprett punktdiagram med linjer. Plasser frekvens på x-aksen og lydnivå på y-aksen. Du kan velje kva frekvensar du vil lage diagram over, til dømes ved å markere rader med 0–10 000 Hz.
    For at det skal vere enklare å halde oversikt, kan det vere lurt å lage eit diagram med lyd frå kvar av dei mistenkte kombinert med lyden frå mordscena.
  4. Bruk diagramma til å prøve å finne igjen lyden av glaset til mordaren i spekteret frå mordscena. Lykke til!
To linjediagram med ulike fargar plotta i same koordinatsystem. Graf.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne oppgåva er ein omarbeidd versjon av Who murdered Sir Ernest? Solve the mystery with spectral fingerprints frå Science in School.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Johannes Almer og Ernst Hollweck.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Lydteori