Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk kommunikasjonsmodellane

Bruk den semiotiske modellen, Lasswells kommunikasjonsmodell og prosessmodellen og løys oppgåvene.
Menneske med emoticons til ansikt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Emoji er smilefjes som blir brukte i elektroniske meldingar og sosiale medium. Fortel ein klassekompis om noko som har hendt, berre ved å bruke emoji-teikn.
  2. Kva for emoji-teikn er lette å bruke, og kva for teikn saknar du?
  3. Kva for teikn er vanskelege å bruke saman?
  4. Blei bodskapen oppfatta slik du hadde tenkt?

Oppgåve 2

Samarbeid i små grupper om å planleggje produksjonen av ein medietekst for ein oppdragsgivar. Planen de lagar, skal svare så konkret som mogleg på spørsmåla i Lasswells kommunikasjonsmodell: Kven (1) seier kva (2) til kven (3) i kva kanal (4) og med kva verknad (5)?

Vel mellom desse oppdraga:

  • Eit mediehus skal lage nyheiter for Snapchat.
  • Ein pølsefabrikk må trekkje inn att eit parti morrpølse fordi det er funne bakteriar.
  • Ei popgruppe lanserer ei ny låt.
  • Ein skule skal lansere ein premie som skal givast til ein elev som blir trekt ut blant dei elevane som har minst fråvær.
  • Resultatet av det siste lokalvalet skal gjerast kjent.

Oppgåve 3

  1. Forklar kva vi meiner med støy i ein kommunikasjonsprosess.
  2. Finn tre døme på det du meiner er støy i mediekommunikasjon.
  3. Kva meiner du burde vore gjort for å unngå støy i dei døma du har funne?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar