Kommunikasjonsmodellen til Lasswell - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjonsmodellen til Lasswell

Kommunikasjonsmodellen til Lasswell er eit nyttig verktøy både når du skal analysere mediekommunikasjon, og når du sjølv skal planlegge mediekommunikasjon.

I Lasswells kommunikasjonsmodell kan kommunikasjonsprosessen formulerast i ei setning: "Kven seier kva til kven gjennom kva kanal med kva verknad?"

Modellen forklarer ikke fullt og heilt korleis kommunikasjon faktisk går føre seg. Vi skal ikkje gløyme at modellar er forenklingar av verkelegheita.

Nedanfor får du nokre døme på korleis vi kan nytte prosessmodellen til å forklare ulike typar kommunikasjon. Vi ser nærare på eit døme på propaganda, eit på underhaldning og så døme på journalistikk, reklame og informasjon.

Propaganda*

Kven – Hitler

seier kva – "Germanarane er ein overlegen rase."

til kven – den tyske befolkninga

i kva kanal – film, radio, talar på store arenaer

med kva verknad – støtte i befolkninga

*Propaganda betyr medviten manipulering av folks kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel for å fremme bestemde oppfatningar og handlingar.

Underhaldning

Sjå filmen "Skimonster" på Facebook.

Kven – Skimonster

seier kva – "Det er ikkje alltid like lett å ta skiheis."

til kven – tilfeldige eller skiinteresserte folk på Facebook

i kva kanal – Facebook

med kva verknad – at folk ler

Journalistikk

Les nyheita om vindmøller:

NRK: Vil ha mer vindkraftutbygging

Kven – NRK Trøndelag

seier hva – "NHO mener man må tåle naturinngrep i Norge skal man løse klimautfordringene"

til kven – lesarane av NRK Trøndelag

i kva kanal – internett / NRK Trøndelag

med kva verknad – gi kjennskap til noko som har skjedd i samfunnet

Marknadsføring

Kven – Lerum

seier kva – "Produkta våre er laga av dei beste fruktene."

til kven – dei som kjøper saft og syltetøy

i kva kanal – YouTube, reklamekanalar på tv, kinoreklame

med kva verknad – at folk kjøper Lerums saft og syltetøy

Saftbygda Lerum. Video: Lerum / Avgrensa bruksrett

Informasjon

Kven – Statens Vegvesen

seier kva – "Råkjøring er barnsleg."

til kven – ungdom (spesielt gutar)

i kva kanal – YouTube

med kva verknad – gi riktige haldninger til bilkøyring og fart

Tekststøtte til video frå Statens Vegvesen

I videoen ser vi ein ungdomsgjeng. Ein av gutane set seg inn i ein bil og råkøyrer. Mens det skjer, blir han yngre og yngre. Då han til slutt kjem ut av bilen ser han ut som ein liten gut og seier: "Var det kult, eller?" Dei andre ungdommane trekker på skuldrene og går sin veg. Deretter får vi følgande informasjon: "Den delen av hjernen som vurderer risiko og konsekvensar, heiter frontallappen og blir utvikla seinare hos gutar. Dersom ein gut vel å køyre for fort, kan det rett og slett vere fordi han er umogen."

Kven seier kva til kven?

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2018