Kanal - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kanal

Når du skal planleggje og utforme medieuttrykk, må du vite i kva kanal bodskapen skal sendast.

Kanalar

Som profesjonell mediearbeidar må du også tenkje på kva kanal mediebodskapen din skal formidlast gjennom. Nokre kanalar treff ei bestemt målgruppe betre enn andre kanalar. Difor er det vanleg å bestemme seg for kanal samstundes som ein definerer målgruppa for eit medieuttrykk. Dei store mediehusa tilbyr i dag mottakarane same innhald i fleire kanalar, for eksempel både på papir, i nettavisa og gjennom mediehuset sin TV-kanal.

NRK og TV 2 er forplikta til å ha kanalar og programflater utarbeidd etter retningslinjer for allmennkringkasting. NRK 1 og TV 2 sine hovudkanalar vender seg derfor til ei brei målgruppe. Det vil seie at dei skal dekkje interessefelt og informasjonsbehov for alle som bur i Noreg.

Sjølv om målgruppa for ein allmennkringkastar er heile befolkninga, er nokre av kanalane retta mot bestemte målgrupper. NRK P3 og NRK Super rettar seg mot barn og unge, mens NRK P1+ spesielt vender seg til eldre lyttarar. Dei som ser på TV 2 Sportskanalen, er folk som aldri får nok av sport på fjernsyn.

YouTube-kanalar er ofte veldig smale og blir gjerne definerte med utgangspunkt i spesielle interesser. Sidan YouTube er ei relativt ung videoteneste, blir slike kanalar mest brukte av personar som er fødde på 90-talet eller seinare.

Kanalar kan bli definerte ut frå

  • alder og kjønn (eksempel: Det Nye, NRK Super, Prebz og Dennis)
  • tradisjon (eksempel: NRK1 og NRK P1)
  • medietypar (eksempel: NRK P1 vs. NRK1, VG vs. VGTV)
  • interesser (eksempel: Minecraft, TV 2 Sportskanalen, Motor)
  • programprofil (eksempel: NRK P2 – Kulturkanalen)
  • geografisk tilhøyrsle (eksempel: Sogn Avis, Radio Sør, TV Øst)
  • språk (eksempel: Sámi Radio)

Tips

Dersom du synest det er vanskeleg å skilje mellom sendar og kanal, kan du bruke desse sjekkespørsmåla:

  • Kven er avsendar? Svaret vil då vere ein person eller ein redaksjon.
  • Kvar finn eg medieuttrykket? Svaret vil vere ei nettadresse eller namnet på ein kanal.
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020