Øvelse
Kva er profesjonell mediekommunikasjon?
Ta bilete og skriv bilettekstar for å definere faguttrykka "personleg kommunikasjon", "personleg mediert kommunikasjon" og "mediert kommunikasjon".
- Del klassen i grupper. Kvar gruppe skal velje seg to av dei følgjande fagomgrepa:
- personleg kommunikasjon
- personleg mediert kommunikasjon
- misforstått kommunikasjon
- profesjonell mediekommunikasjon
- Diskuter betydninga av omgrepa i gruppene.
- Finn døme som illustrerer betydninga av omgrepa.
- Ta bilete som viser og illustrerer betydninga av omgrepa. Bruk gjerne mobil. Skriv bilettekst til kvart av dei to bileta.
- Eventuell levering skjer etter avtale med lærar.
Tips
Set dykk godt inn i kva fagartiklane på NDLA seier om fagomgrepa de har valt å jobbe med.
Prøv å få fram dei viktigaste forskjellane mellom omgrepa, det vil gjere det enklare å planlegge bileta.
Set gjerne idéane dykkar litt på spissen. Då blir det gøyare å jobbe med omgrepa, og det blir truleg lettare å forstå dei.