Fagstoff

Verneutstyr

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Hugselappen

Du er pliktig til å bruke verneutstyr etter arbeidsgivaren sine instruksar.

Ulike typer verneutstyr som brukes i kokk- og servitørfag. Foto.Verneutstyr kokk-servitørfag 

I HMT-lovgivinga blir det stilt krav om bruk av verneutstyr når ein utfører visse typar arbeid. Kva for personleg verneutstyr som skal nyttast, må sjåast i samanheng med kva for type arbeid det gjeld, og i kva miljø det skal utførast.


Ein kokk i uniform står med hendene kryssa framfor brystet. Foto.Kokkeuniforma er med på å verne deg mot skadar på kjøkkenet.  

Ein svart vernesko. Foto.Gode arbeidssko er viktig på jobb. Enkelte gonger vil det vere behov for vernesko med ekstra vern for foten. 


Vernebriller og pustemaske. Foto.Vernebriller og enkel pustemaske.    

Ein hanskekledd kokk held ei varm form med roastbeef. Foto.Kokkar må bruke vernehanskar når dei handterer varmt utstyr.  

 

Ein boks med reingjeringsmiddel og gummihanskar. Foto.Hanskar må nyttast ved reingjering.   

Arbeidsgivaren har ansvaret for at det er nødvendig verneutstyr tilgjengeleg og at arbeidstakaren har fått nødvendig opplæring i bruken av det. Arbeidstakaren har på si side plikt til å bruke verneutstyr etter instruks frå arbeidsgivaren. Les meir i kap.15 i forskrift om organisering, leiing og medverknad .

I kokk- og servitørfag vil verneutstyr bestå av:

Uniform

Du har kanskje ikkje tenkt på at uniforma er ein del av det personlege verneutstyret ditt? Ei kokkejakke bør vere laga i bomull som forkolar når det blir eksponert for eld, og ikkje polyester som smeltar. Jakka skal vere laga slik at ho er enkel å vri av seg om ein er uheldig og søler varm væske eller om ho tek fyr.

Sko

Både kokkar og servitørar går og står mykje i arbeidet sitt, og er derfor avhengige av gode sko som hindrar belastingsskadar. Skoa må i tillegg sikre deg på jobben: Dei må vere sklisikre, det er mykje vassøl på eit kjøkken og i oppvasken. Skotøyet må tole vassprut, slik at skoa beskyttar deg om det skulle sprute varm væske på føtene.

Enkelte kokkar/servitørar kan ha bruk for vernesko der det blir sjaua tunge løft som kassar og ølfat. Ein nyttar vernesko for å unngå klemmeskadar og inntrenging av skarpe gjenstandar. Skoen er utrusta med ei tåhette av stål.

Vernebriller

Når ein gjer rein omnar og komfyrar med sterke reingjeringsmiddel som omnsrens, må ein beskytte auga mot farleg kjemikaliesprut.

Andedråttsvern

Ved reingjering med sterke reingjeringsmiddel som til dømes omnsrens som ein sprayar på, må ein bruke ei maske som beskyttar deg frå å puste inn farlege gassar og kjemikaliar. Ei slik maske kan òg nyttast når ein heller store sekker med mjøl over i behaldarar, slik at ein blir beskytta mot å puste inn mjølstøvet.

Arbeidshanskar

Vi har fleire ulike typar arbeidshanskar avhengig av kva for arbeid som skal utførast.

  • Enkle hanskar som ein nyttar i arbeidssituasjonar med låg risiko. Det er til dømes gummihanskar som du brukar når du skal gjere reint, dei beskyttar deg mot varmen i vatnet, og mot reingjeringsmiddel som kan tørke ut huda og føre til eksem. Eller det kan vere eingongshanskar som blir brukt når du arbeider med ulike råvarer som har mykje salt eller syre som kan irritere huda.
  • Tjukke hanskar som beskyttar deg mot kraftig varme, som når du skal ta varme brett ut av steikjeomnen. Desse kan vere laga av ulike materiale som bomull eller lær. Tjukke hanskar brukar ein òg når ein ryddar på kjøl og frys, til vern mot kuldeskadar.
  • Stålhanskar som blir nytta når du arbeider med kniv eller ved ei kjøtsag. Desse hanskane er laga i stål og beskyttar hendene mot kutt og skadar.

Høyrselsvern

Det kan vere lurt å beskytte høyrselen når ein arbeider med bråkete maskinar som til dømes ei kjøttsag over lengre tid.

Anna påkledning

Varme overtrekksklede må vere tilgjengelege når ein skal rydde eller plassere varer på kjøl og frys.