Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonalisme og demokratisering nedanfrå

Etablering av ein norsk nasjonal identitet og demokratisering heng nøye saman i norsk historie. Med den byrjande industrialiseringa frå 1840-talet vart samfunnet meir organisert i ulike foreiningar og nasjonale rørsler som ville endre samfunnet inn i ei ny tid.
Det nasjonalromantiske måleriet "Brudeferd i Hardanger". Eit bunadskledd brurefølgje blir rodd innover ein fjord omgitt av fjell. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonalromantikken

Frå 1840-åra vart nasjonalromantikken ei kulturell rørsle som hadde som mål å konstruere ein norsk kultur som skilde seg frå tidlegare dansk dominans. Grunnlova og sjølvstyre frå 1814 la grunnlaget for den politiske forståinga av nasjonen. Nasjonalromantikken var ei kulturnasjonalistisk rørsle som skulle ha som oppgåve å definere «det norske og den norske folkesjela». Natur og historie vart viktige nasjonale markørar i denne samanhengen, for å skilje vår kultur frå dei andre nordiske landa. Spesielt vart den norske stordomstida i middelalderen dyrka og definert som den norske kulturarven. I mangel av nasjonale byggverk og monument vart fjell, bønder og bondesamfunn inkluderte i den norske folkesjela.

Landsmålet

Nokre år seinare heldt Ivar Aasen fram med landsmålsprosjektet sitt. Å etablere eit ekte og meir opphavleg skriftspråk, basert på dialektar som var minst påverka av det danske språket, var eit kulturnasjonalistisk prosjekt som definerte den norske kulturen i andre halvdel av 1800-talet.

Thranerørsla

Portrett av Marcus Thrane ca. 1863. Han sit breibeint og litt framoverlent på ein stol. Han er uvørdent kledd, buksa er oppbretta og har lapp på kneet. Han har nokre papir i brystlomma. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det første teiknet på demokratiske krav frå dei lågare klassane i Noreg kom i kjølvatnet av revolusjonane i 1848. I 1849 fremja sosialisten og arbeidarleiaren Marcus Thrane krav om stemmerett for alle norske menn. Rørsla bestod av husmenn, småbrukarar, handverkarar og arbeidsfolk som reiste kritikk mot dei aukande sosiale og økonomiske ulikskapane som prega landet. Thranerørsla vart nedkjempa, men vart i norsk historie ståande som ein tidleg forløpar for klassekampen i det moderne industrisamfunnet.

Motkulturane

Ute i bygdene vaks det på 1860-talet fram organiserte «motkulturar» som hadde ein klar front mot bykulturen, unionen med Sverige og lojale, kongetru norske embetsmenn. Rørslene hadde eit i hovudsak nasjonalt og demokratisk mål. Blant dei fanst lekmannskristne, som agiterte mot embetsprestane sitt forkynningsmonopol og ei kristen fråhaldsrørsle som dreiv «indremisjon» og kamp mot den dårlege moralen i folket.

Like viktig var etableringa av folkehøgskular, basert på praktisk tilnærming til kunnskap etter Grundtvig sine nasjonale og demokratiske visjonar, og dei frilynte ungdomslaga. Felles for motkulturane var at dei bidrog til større politisk engasjement i befolkninga og ønskte eit utvida folkestyre lokalt og nasjonalt.

Dei viktigaste kampsakene for desse «motkulturane» var likestilling av skriftspråka og å styrkje makta i Stortinget. Opposisjonen mot embetsmennene og unionen var ei nasjonal-demokratisk politisk rørsle som skulle bidra til endringar i det politiske systemet gjennom innføringa av parlamentarismen i 1884. Denne politiske opposisjonen oppstod samstundes med at det norske samfunnet gjennomgjekk store endringar.

Det norske samfunnet i endring

Ei rekkje bygningar, både murbygningar og trebygningar, med fabrikkpiper langs ei elv med fossefall. Det kjem kraftig røyk frå pipene. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Industrialiseringa, utviklinga av kommunikasjonar og hamskiftet i jordbruket skapte nye kulturelle felleskap på tvers av landsdelar. Jernbana batt sentrum og periferi tettare saman, postruter og dampskip knytte Noreg saman langs kysten og i innlandet. Meir organisert skulegang med skulelova i 1860 og vekst i talet på aviser stimulerte leseferdigheiter og gjorde politisk motstand mogleg. I tillegg vart det norske samfunnet prega av aukande urbanisering, og emigrasjon til Amerika.

Relatert innhald

Embetsmennene skulle spele ei vesentleg rolle i norsk politisk historie etter innføringa av Grunnlova og norsk sjølvstyre frå 1814.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Demokratisering