Tilgang til informasjon som vi kan stole på, har vorte så viktig at kvalitetssikring av informasjon er eit eige fagområde. Kva er god informasjon?
Oppgåve
- Kva meiner vi med informasjon av god kvalitet?
- Kan du gi eksempel på ein situasjon der forelda informasjon kan skape problem?
- Kan du tenkje deg situasjonar der det er viktig å finne korrekt informasjon og vurdere kvaliteten på informasjonen i det yrket du har tenkt å utdanne deg til?
- Det er ikkje all informasjon på Internett som er rett eller sann. Kva trur du kan vere årsaka til at somme publiserer ukorrekt informasjon på nettet?
- Bruk ei søkjeside og søk etter «korrekte kjeldetilvisingar» («riktige kildehenvisninger»). Kva finn du av informasjon om dette for elevar i vidaregåande skule?
- Har du sjølv brote lova om opphavsrett?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Arne Jansen.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021